10 Jul 2026 12:30 CEST

Nom de l'emetteur

Avinor AS

Nær 5 millionar passasjerar reiste via Avinor sine lufthamner i juni. Det er ein
nedgang på 1,8 prosent samanlikna med juni i fjor. Samstundes viser tala ein
samla vekst på 2,1 prosent så langt i år.

Tala for juni viser noko færre reisande enn i same månad i 2025. Nedgangen er
størst innanriks, der talet på passasjerar gjekk tilbake med 2,7 prosent.
Utanrikstrafikken heldt seg meir stabil, med ein nedgang på 0,6 prosent frå juni
i fjor.

Flyrørsler
Flyaktiviteten held fram med å vere høg. Talet på kommersielle flyrørsler auka
med 0,9 prosent i juni, medan samla flyrørsler auka med 0,4 prosent frå same
månad året før.

Juni svakare enn fjoråret, men samla sett positiv utvikling så langt i 2026
Så langt i 2026 har utviklinga vore positiv. Frå januar til og med juni har
Avinor registrert 25,9 millionar passasjerar, opp 2,1 prosent samanlikna med
same periode i fjor. Veksten er særleg driven av utanrikstrafikken, som har auka
med 3,6 prosent hittil i år.

Fleire av dei store lufthamnene hadde god utvikling i juni. Bergen lufthamn,
Flesland hadde ein vekst på 5,2 prosent, medan Harstad/Narvik lufthamn, Evenes
auka med 10,7 prosent samanlikna med juni i fjor.

Samstundes hadde fleire av dei største lufthamnene ein nedgang, mellom anna Oslo
lufthamn (-3,7 prosent), Stavanger lufthamn, Sola (-4,4 prosent) og Trondheim
lufthamn, Værnes (-4,2 prosent).

Sterk vekst på Bergen lufthamn gir behov for meir kapasitet
I juni reiste nær 690.000 passasjerar via Bergen lufthamn, Flesland. Så langt i
år har over 3,3 millionar passasjerar reist til eller frå Flesland, og det har
vore fleire reisande kvar månad så langt i år. Så langt i år er det sju prosent
fleire reisande enn i første halvår 2025.

– Vi opplever framleis stor interesse for Vestlandet som reisemål, både blant
norske og internasjonale reisande. Det gjer at fleire flyselskap satsar på
Bergen og regionen vår, noko som bidreg til vekst i både trafikk og rutetilbod,
seier Helge Eidsnes, lufthamnsjef ved Bergen lufthamn, Flesland.

-Den sterke veksten, særleg innan utanlandstrafikken, gjer at Avinor no planlegg
fleire utbyggings- og kapasitetsprosjekt på Flesland. Målet er å tilpasse
lufthamna til venta trafikkvekst og sikre gode reiseopplevingar for dei reisande
i åra som kjem, fortel Eidsnes.

Dronetrafikk på same nivå som i fjor
Første halvår har det vore om lag 15.000 registrerte droneflygingar. Dette er
stabilt og på same nivå som i fjor. – Skal du fly drone i sommar oppmodar vi om
å setje deg godt inn i reglane for droneflyging, og hugs på droneforbodet kring
alle lufthamner, seier Mats Gjertsen, leiar for Avinor sitt droneprogram.

Fakta juni
Totalt tal passasjerar i juni 2026: 4 997 475
Endring frå juni 2025: -1,8 %
Innanrikspassasjerar: 2 716 468 (-2,7 %)
Utanrikspassasjerar: 2 234 529 (-0,6 %)
Offshorepassasjerar: 46 478 (+0,1 %)
Totalt tal passasjerar januar–juni: 25 millionar
Endring hittil i år: +2,1 %
Utanrikstrafikk hittil i år: +3,6 %

Lenke til statistikk:
https://om.avinor.no/om-oss/trafikkstatistikk/


Source

Avinor AS

Fournisseur

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%

ISIN

NO0010675903, NO0010881238

Marché

Euronext Oslo Børs