10 Apr 2026 12:00 CEST

Utsteder

Avinor AS

I mars reiste om lag 4,43 millionar passasjerar gjennom Avinor sine lufthamner.
Det er ein auke på 4 prosent samanlikna med same månad i fjor. Utviklinga heng
saman med at fleire flyr til og frå utlandet, medan talet på innanlandsresande
óg hadde ein moderat vekst.

Talet på utanlandsreisande auka med 6,4 prosent i mars samanlikna med fjoråret,
medan talet på innanlandsreisande steig med rundt 2 prosent. Totalt viser tala
at fleire reiser både innanlands og til utlandet.

Høgare passasjertal og færre flyrørsler
Sjølv om passasjertala for alle Avinor sine lufthamner auka i mars, gjekk talet
på flyrørsler noko ned. I mars blei det registrert om lag 58 400 flyrørsler, ein
reduksjon på rundt 2,4 prosent samanlikna med fjoråret. Dette indikerer at flya
i gjennomsnitt hadde fleire passasjerar per avgang enn tidlegare og dermed
høgare kabinfaktor.

– Tala for mars viser ei vidare utvikling i passasjertala, særleg driven av
internasjonale reiser. Flygingar til Midtausten har vore sterkt påverka i mars,
men i dei overordna tala er ikkje dette synleg, noko som tyder på at trafikken
til dels har flytta seg. Samstundes ser vi at innanriksmarknaden har ei jamn
utvikling, seier Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.

Passasjertala førebels lite påverka av krig i Midtausten
Passasjertala for mars synes å vere lite påverka av krigsutbrottet i Midtausten.
Samstundes må vi legge til grunn at mykje av trafikken og billettsalet var gjort
før krigshandlingane starta og drivstoffsituasjonen endra seg dramatisk. Avinor
følgjer utviklinga tett. Me legg til grunn at både uavklart sikkerheitspolitisk
situasjon og potensielt høge drivstoffprisar framover, vil kunne påverke
reiseaktiviteten.

Bergen lufthamn med sterkaste vekst blant dei største lufthamnene
Bergen lufthamn Flesland hadde i mars den sterkaste passasjerveksten blant
landets største lufthamner. Over 541 000 passasjerar reiste via Bergen i løpet
av månaden, noko som er nær 6 prosent fleire enn i mars i fjor.

Veksten var særleg høg blant utanlandsreisande, som auka med meir enn 13
prosent, medan talet på innanlandsreisande òg hadde ein tydeleg oppgang. Dermed
styrkjer Bergen si rolle som ei sentral lufthamn for både Vestlandet og
internasjonale reiser.

– Utviklinga i Bergen speglar både auka internasjonal etterspurnad og jamn
aktivitet i innanriksmarknaden. Det gir eit godt bilete av trafikkmønsteret i
regionen, seier Skallerud Riise.

Flyselskapa startar opp sommaren med kjente og fleire nye destinasjonar
Siste helga i mars markerer overgangen til flyselskapa sine sommarprogram, noko
som medfører auka aktivitet ved flyplassane våre. I tillegg til fleire avgangar
og tilbakekomst av kjente sommardestinasjonar, byr sommarprogrammet i år også på
fleire nye destinasjonar. Det er gledeleg å sjå at ruteprogrammet blir utvida
til glede for privatpersonar, reise- og næringsliv i heile landet, held
Skallerud Riise fram.

Sjå alle dei nye destinasjonane i vedlegget.

Droneflyging aukar om våren
I mars vart 2316 droneplanar registrerte. Dette er ein auke på 2 prosent frå
mars i fjor, og heile 800 fleire enn i februar.

– Fleire flyg drone når veret blir betre, difor ser ein at tala aukar rundt
påske. Vi veit òg at sommaren er høgsesong for droneflyging, seier Mats
Gjertsen, leiar for Avinor sitt droneprogram.

– Vi er glade for at mange flyg drone lovleg, og oppmodar alle om å halde fram
med dette når vi går mot lysare dagar og endå betre droneforhold, avsluttar
Gjertsen.

Lenke til statistikk:
https://om.avinor.no/om-oss/trafikkstatistikk/


670377_Avinor trafikktal Mars 2026.pdf

Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs