13 Feb 2026 12:41 CET

Utsteder

SpareBank 1 Lom og Skjåk

Oppsummering 4. kvartal for SpareBank 1 Lom og Skjåk.

• Totalresultat 4. kvartal 29,0 mill. kr. (6,4 mill. kr)
• Totalresultat hiå 167,7 mill. kr. (174,2 mill. kr)
• Rentenetto hiå 2,11% (2,48%)
• Kostnadsprosent 56,5% (54,6%)
• Kostnadsførte tap 4. kvartal 11,7 mill. kr. (35,9 mill. kr)
• Vekst utlån 12 mnd. 8,0% (inkl. boligkreditt)
• Vekst utlån PM 12 mnd. 12,2% (inkl. boligkreditt)
• Vekst utlån BM 12 mnd. 0,3% (inkl. boligkreditt)
• Vekst innskot 12 mnd 10,0%

Vi er godt nøgde med at vi framleis kan vise til god vekst på PM på heile 12,2 %
siste 12 mnd, noko som viser at vi har god effekt av samarbeidsavtalen med Den
Norske Turistforening og med satsinga på Oslo-kontoret vårt. Rentenettoen er på
2,11%, som er det same som etter 3. kvartal. Vi er tilfredse med rentenettoen
når vi tek omsyn til avkastning på likviditetsplasseringar i rentefond. Desse
blir bokført som gevinst på finansielle instrument, og ville utgjort om lag 20
punkt på rentenettoen hittil i år.

Vi har ein auke i driftskostnader samanlikna med fjoråret. Ein del av dette
skriv seg frå auka IT-kostnader som følgje av rettsaken mellom SpareBank 1, og
Tieto Evry. Kostnadene som heilheit er under budsjetterte kostnader for 2025. Vi
har også lagt bak oss eit utfordrande år når det gjeld auke i resultatførte tap
med 11,7 mill i 4. kvartal til totalt 43,2 mill i 2025. Auken skuldast fleire
forhold, men det meste skriv seg frå negativ utvikling i den økonomiske
situasjonen i nokre få store engasjement innan eigedom. Om lag ein fjerdedel av
resultatførte tap hittil i år gjeld PM, der banken har valt å setje av ein stor
del av engasjementet knytt til nokre få kundar som har hatt kundeforhold i
banken over lengre tid. Styret og leiinga følgjer situasjonen tett, og er ikkje
nøgde med utviklinga i resultatførte tap og balanseførte tapsavsetningar.


665835_Kvartalsrapport 4-2025.pdf

Kilde

SpareBank 1 Lom og Skjåk

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Spb 1 Lom og Skjak 22/26 FRN, Spb 1 Lom og Skjaak 23/27 FRN, Spb 1 Lom og Skjak 24/29 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/34 ADJ C SUB, Spb 1 Lom og Skjåk 24/28 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/29 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/35 ADJ C SUB, Spb 1 Lom og Skjåk 25/30 FRN

ISIN

NO0012692617, NO0013035188, NO0013119214, NO0013254854, NO0013361147, NO0013409177, NO0013431965, NO0013641779

Marked

Nordic Alternative Bond Market