12 Feb 2026 12:00 CET

Utsteder

Eviny AS

Styret i Eviny legg til grunn eit utbytte på 1 103 millionar kroner for 2025.
Det er 57 millionar kroner meir enn i fjor, og kjem dei offentlege eigarane til
gode. Framover har Eviny store planar for investeringar i både nett,
kraftproduksjon og lønsam elektrifisering.

Utbyttet skal behandlast på generalforsamlinga 21. mai. Totalt bidrog Eviny med
5,2 milliardar kroner til samfunnet i 2025, mellom anna gjennom skattar,
avgifter og planlagt utbytte til eigarane.

Stor utdeling til fellesskapet
Foreløpige tal for 2025 viser eit underliggande resultat på 1 741 millionar
kroner, noko som er 247 millionar kroner betre enn i 2024.

– Vi leverer eit solid resultat som er basert på effektiv drift. Det gjer at vi
kan halda fram med å investera offensivt i framtidas energi og infrastruktur, og
i tillegg gi noko tilbake til eigarane og fellesskapet, seier konsernsjef
Ragnhild Janbu Fresvik.

70 prosent av overskotet i Eviny går tilbake til eigarane og fellesskapet i form
av utbytte.

– Utbyttet aukar frå i fjor, og Eviny held fram med å vera blant selskapa med
høgast utdeling til fellesskapet. Med sunn drift i botnen evnar Eviny å satsa
offensivt på meir nett, auka kraftproduksjon og lønsam elektrifisering –
samstundes som vi sikrar eigarane stabile og høge utbytte, seier styreleiar Karl
Erik Kjelstad.

Over 30 prosent vekst i nettinvesteringar
BKK, nettselskapet i Eviny-konsernet, auka investeringane i straumnettet med
over 30 prosent i 2025. Av dei samla nettinvesteringane på 1,1 milliardar kroner
gjekk halvparten til ny kapasitet. Investeringstakten skal ytterlegare opp i
2026 til 1,3 milliardar kroner. Målet om å dobla nettkapasiteten innan ti år
står fast, men føreset at Statnett får på plass ny kraftleidning mellom
Samnanger og Kollsnes i tide.

– Auka nettkapasitet er avgjerande for næringsutvikling, arbeidsplassar og vekst
på Vestlandet. Samstundes er tryggleik og beredskap blitt stadig viktigare.
Derfor investerer vi for å sikra ei robust straumforsyning og styrkt beredskap,
seier Fresvik.

Ho understrekar at BKK skal kombinera høgt investeringstempo med effektiv drift.


– Store investeringar vil påverka nettleiga, og då er det avgjerande at vi
gjennomfører dei så kostnadseffektivt som mogleg – av omsyn til både
konkurransekrafta til næringslivet og økonomien til folk flest, seier Fresvik.

Hurtiglading bidreg positivt
Eviny er ein av dei største aktørane innan lyn- og hurtiglading i Noreg og
Sverige, med om lag 2 700 ladepunkt i drift ved utgangen av 2025. Satsinga i
Skandinavia gir 75 millionar kroner i inntening før renter, skatt og
avskrivingar/nedskrivingar (EBITDA).

– Vi ligg fremst på teknologi og har vesentleg lågare kostnader enn
konkurrentane. Det gjer oss godt posisjonert for vidare vekst, seier Fresvik.

Nye vindkraftprosjekt
Eviny produserer årleg rundt 9 TWh kraft, og målet er 2,5 TWh ny produksjon
innan 2034 – i hovudsak frå vindkraft. I fjerde kvartal sendte Eviny inn
planinitiativ for eit nytt prosjekt i Vindafjord som kan gi 300 GWh, og i dag
blir det sendt inn eit nytt planinitiativ for utviding av Guleslettene
vindkraftverk med investeringar på 900 millionar kroner og ein produksjonsauke
på 175 GWh. Dette kjem i tillegg til tidlegare meldte prosjekt.

– Stabil tilgang på rimeleg kraft har i mange år vore eit viktig
konkurransefortrinn for industrien, særleg på Vestlandet. No er kraftoverskotet
i ferd med å bli betydeleg redusert. Skal vi unngå meir import og høgare prisar,
hastar det med å auka produksjonen i Noreg, seier Fresvik.

Eviny planlegg også nye vasskraftprosjekt som skal gi auka effekt – slik at meir
av produksjonen kan skje når behovet er størst. I løpet av første halvår 2026
vil Eviny senda inn konsesjonssøknader for to prosjekt i Samnanger og eitt i
Vaksdal.

Normal magasinfylling – lite snø
Eviny produserte 7,7 TWh vasskraft i 2025, som er normalt nivå. Dei fleste av
dei 39 vasskraftverka til Eviny ligg i Vest-Noreg (NO5). Gjennomsnittleg
områdepris i NO5 var 54,96 øre/kWh i 2025, mot 47,48 øre/kWh i 2024. I
Midt-Noreg (NO3) var prisen 24,75 øre/kWh i 2025, mot 32,56 øre/kWh i 2024.

Magasinfyllinga i NO5 var 69,2 prosent ved utgangen av året. Det er på normalt
nivå, men lite snø gir eit samla hydrologisk underskot på 2,3 TWh.


Vedlegg:
Delårsrapport for 4. kvartal 2025.
Oversikt over estimert utbytte for 2025 per eigar

Kontakt:
Pressekontakt Eviny, tlf. 903 67 130, redaksjonen@eviny.no


665601_Eviny - estimert utbytte for 2025.pdf
665601_Eviny kvartalsrapport Q4 2025.pdf

Kilde

Eviny AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

BKK AS 20/27 FRN, BKK AS 21/27 1.85 pct, BKK AS 21/26 FRN, Eviny AS 23/28 FRN, Eviny AS 23/31 5,08%, Eviny AS 23/28 5,13%, Eviny AS 24/34 4,47%, Eviny AS 24/29 FRN, Eviny AS 24/27 FRN, Eviny AS 24/31 FRN, Eviny AS 25/28 FRN, Eviny AS 25/30 FRN, Eviny AS 25/35 4,69%, Eviny AS 26/31 FRN, Eviny AS 26/32 FRN

ISIN

NO0010873003, NO0011073181, NO0011073819, NO0013004572, NO0013062273, NO0013060715, NO0013257477, NO0013311902, NO0013314658, NO0013323485, NO0013464800, NO0013629667, NO0013684233, NO0013710632, NO0013710673

Marked

Nordic Alternative Bond Market