11 Feb 2026 14:00 CET

Utsteder

Avinor AS

3,6 millionar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i januar. Det er ein auke på
3 prosent samanlikna med same månad i fjor. Auken skuldast mellom anna fleire
internasjonale reisande.

I januar reiste over 1,4 millionar utanlandsreisande gjennom Avinor sine
lufthamner. Det er ein auke på 6 prosent samanlikna med januar i fjor. Tala
viser at trenden vi har sett dei siste åra, med aukande vinterturisme til Noreg,
held fram inn i 2026.

– Året startar med ein auke i det samla talet på reisande, og det er dei
utanlandsreisande som bidreg sterkt til utviklinga i januar. Det er dei
nordlegaste lufthamnene som bidreg mest totalt, og Noreg som vinterdestinasjon
er i sterk vekst, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i
Avinor.

Val av destinasjonar viser at noko har endra seg i marknaden den siste tida.

– Vi opplever at fleire delar av landet byrjar å ta tydelegare posisjonar i
denne marknaden, og riggar seg for utvikling innan internasjonal vinterturisme,
seier Skallerud Riise.

Talet på innanlandsreisande er framleis størst. I januar dette med 1 prosent,
med totalt 2,1 millionar reisande. Totalt reiste 3,6 millionar gjennom Avinors
lufthamner i årets første månad.

Flyrørsler
Når det gjeld flyrørsler, vart det registrert 47.778 kommersielle flyrørsler i
årets første månad. Dette er ein auke på 1 prosent samanlikna med januar 2025.

– Vi ser ein større auke i talet på passasjerar enn i talet på flyrørsler. Det
tyder at dei flya som opererer på lufthamnene våre, held fram trenden med å ha
fleire passasjerar om bord på kvar flyging.

Auke i droneaktiviteten
I januar vart det registrert 1742 droneflygingar.

– Vi ser ein stor auke i talet på droneplanar, med ein auke på 20 prosent i
januar samanlikna med same månad i fjor. Det er likevel ein del færre
registrerte droneflygingar enn i sommarhalvåret. Det skuldast at veret i januar
gir lågare droneaktivitet, seier Mats Gjertsen Bye, leiar for Avinor sitt
droneprogram.

Gjertsen Bye seier det er bra at fleire driv med ansvarleg dronebruk og vel å
fly på ein trygg og synleg måte.

Nøkkeltal for januar 2026:
3,6 millionar passasjerar (+3% frå januar i 2025)
2,1 millionar innanlands (+1%)
1,4 millionar utanlands (+6%)
47 778 flyrørsler (+1%)
1742 droneflyvningar (+20%)

Lenke til statistikk:
https://om.avinor.no/om-oss/trafikkstatistikk/


665410_Avinor trafikktal januar 2026.pdf

Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs