14 Nov 2025 12:59 CET

Utsteder

SpareBank 1 Lom og Skjåk

Oppsummering 3. kvartal for SpareBank 1 Lom og Skjåk

• Totalresultat 3. kvartal 25,6 mill. kr. (102,4 mill. kr)
• Totalresultat hiå 138,7 mill. kr. (167,9 mill. kr)
• Rentenetto hiå 2,11% (2,49%)
• Kostnadsprosent 56,2% (51,2%)
• Kostnadsførte tap 3. kvartal 19,6 mill. kr. (-3,6 mill. kr)
• Vekst utlån 12 mnd. 12,5% (inkl. boligkreditt)
• Vekst utlån PM 12 mnd. 17,8% (inkl. boligkreditt)
• Vekst utlån BM 12 mnd. 2,9% (inkl. boligkreditt)
• Vekst innskot 12 mnd 14,3%

Vi er godt nøgde med at vi framleis kan vise til god vekst på PM på heile 17,8%
siste 12 mnd, noko som viser at vi har god effekt av samarbeidsavtalen med Den
Norske Turistforening og med satsinga på Oslo-kontoret vårt. Rentenettoen er på
2,11%, som er ein liten nedgang sidan juni (2,17%). Vi er tilfredse med
rentenettoen når vi tek omsyn til avkastning på likviditetsplasseringar i
rentefond. Desse blir bokført som gevinst på finansielle instrument, og ville
utgjort 0,15-0,20 punkt på rentenettoen hittil i år.

Vi har ein auke i driftskostnader samanlikna med fjoråret. Ein del av dette
skriv seg frå auka IT-kostnader som følgje av rettsaken mellom SpareBank 1, og
Tieto Evry. Vi har også lagt bak oss eit utfordrande kvartal når det gjeld auke
i resultatførte tap med 19,6 mill i 3. kvartal til totalt 31,5 mill hittil i
2025. Auken skuldast fleire forhold, men det meste skriv seg frå negativ
utvikling i den økonomiske situasjonen i nokre få store engasjement innan
eigedom. Nær ein tredel av resultatførte tap hittil i år gjeld PM, der banken
har valt å setje av ein stor del av engasjementet knytt til nokre få kundar som
har hatt kundeforhold i banken over lengre tid. Styret og leiinga følgjer
situasjonen tett, og er ikkje nøgde med utviklinga i resultatførte tap og
balanseførte tapsavsetningar.


659746_Kvartalsrapport3-2025.pdf

Kilde

SpareBank 1 Lom og Skjåk

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Spb 1 Lom og Skjaak 21/26 FRN, Spb 1 Lom og Skjak 22/26 FRN, Spb 1 Lom og Skjaak 23/27 FRN, Spb 1 Lom og Skjak 24/29 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/34 ADJ C SUB, Spb 1 Lom og Skjåk 24/28 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/29 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/35 ADJ C SUB, Spb 1 Lom og Skjåk 25/30 FRN

ISIN

NO0010921042, NO0012692617, NO0013035188, NO0013119214, NO0013254854, NO0013361147, NO0013409177, NO0013431965, NO0013641779

Marked

Nordic Alternative Bond Market