11 Nov 2025 12:10 CET

Utsteder

Avinor AS

I oktober reiste 4,8 millionar passasjerar gjennom Avinor sine lufthamner. Dette
er ein auke på 2 prosent samanlikna med oktober i fjor. Hittil i år har
trafikken auka med 3 prosent.

Det var 2,8 millionar innanlandsreisandepassasjerar i oktober. Desse utgjorde
ein vekst på 2 prosent samanlikna med oktober i fjor. For årets ti første
månader er veksten på 3 prosent.

Utanlandstrafikken utgjorde 1,9 millionar passasjerar i oktober, ein auke på 1
prosent frå oktober i fjor.

Når det gjeld flyrørsler, vart det registrert 57 023 kommersielle flyrørsler i
oktober – ein auke på 1 prosent frå året før. Totalt hittil i år har det vore
534 068 flyrørsler, som er 2 prosent fleire enn på same tid i fjor. Oktober er
tradisjonelt ein månad med stabil trafikk, og årets tal stadfestar dette med ein
moderat vekst.

– Haustferien bidrog til jamn aktivitet, men utan dei store utslaga samanlikna
med fjoråret, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i
Avinor.

Overgang til vintersesong
Den siste helga i oktober starta vinterprogrammet, som markerer overgangen til
ein periode med lågare reiseaktivitet. For perioden november til mars ventar
Avinor ein samla vekst på om lag 1 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Veksten blir driven av utanlandstrafikken, som er venta å auke med rundt 3
prosent, medan innanlandstrafikken er venta å gå ned med nær 1 prosent.

– Vi ser ein tydeleg trend der talet på utanlands-reisande held fram med å
vokse, medan talet på innlands-reisande flatar ut. Dette gir ein samla vekst på
rundt 0,8 prosent for vintersesongen,seier Riise.

– Reiselivet på Austlandet har betydeleg kapasitet i vintermånadene, og
innkommande turisme kan bidra til å jamne ut sesongsvingingane. Eit tett
samarbeid med flyselskaper, næringsliv og det offentlege, for å løfte
vinterturismen, er eit viktig satsingsområde for Avinor framover, understrekar
Riise.

Nøkkeltal for oktober
4,8 millionar passasjerar (+2 % frå oktober i fjor)
2,8 millionar innanlands (+2 %)
1,9 millionar utanlands (+1 %)
57 023 flyrørsler (+1 %)
Hittil i år: +3 % passasjervekst, +2 % flyrørsler

Fleira dronar så langt i år enn i heile 2024
– Fleire enn nokon gong vel å fly på ein trygg og synleg måte. Talet på
droneplanar er høgare så langt i år, enn i heile 2024. Vi er glade for at
ansvarleg dronebruk har fått eit solid fotfeste i Noreg, og ser gjerne at enda
fleire nyttar drone-appen seier Mats Gjertsen, leiar av Avinor sitt
droneprogram.

Lenke til statistikk:
https://om.avinor.no/om-oss/trafikkstatistikk/


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs