05 Nov 2025 17:00 CET

Utsteder

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Styret i SpareBank 1 Sogn og Fjordane har handsama rekneskapen for 3. kvartal
2025. Rekneskapen viser eit resultat etter skatt på 290 millionar kroner for
kvartalet og ein eigenkapitalavkastning på 15,8 %, eit nivå styret er svært godt
nøgd med.

Netto renteinntekter enda på 394 millionar kroner, ein reduksjon på 11 millionar
kroner frå 3. kvartal 2024 og ein auke på 14 millionar kroner frå førre kvartal.
Reduksjonen frå fjoråret kjem som hovudsak som følgje av at banken no har begynt
å overføre lån til SpareBank 1 Boligkreditt og at lånevolumet som følgje av
dette går ned, medan inntektene frå det overførte volumet kjem tilbake til
banken i form av andre provisjonsinntekter. Ved utgangen av 3. kvartal har
banken til saman overført bustadlån på om lag 9,2 milliardar kroner til
SpareBank 1 Boligkreditt.

Banken har vekst i utlån til privatmarknad på 6,0 % siste 12 månadar, inkludert
volum overført til SpareBank 1 Boligkreditt. For bedriftsmarknaden har banken
ein auke i utlån på 7,1 % siste 12 månadar.

Andre driftsinntekter eksklusiv finansielle postar aukar med 13 million kroner
frå 3. kvartal 2024 til 55 millionar kroner. Dette kjem i hovudsak som følgje av
at banken får provisjonsinntekter frå lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt,
men banken har også god utvikling andre provisjonsinntekter som til dømes sal av
forsikringsprodukt.

Finansielle postar har netto positivt resultat på 106 millionar kroner i 3.
kvartal og er ein vesentleg del av forklaringa for resultatframgangen relativt
til tidlegare kvartal i år. Resultatet kjem både av positiv verdiutvikling på
renteinstrument og som følgje av god resultatutvikling i felleskontrollert
verksemd i Fremtind Forsikring og SpareBank 1 Gruppen.

Banken har driftskostnadar på 177 millionar kroner i 3. kvartal, ein reduksjon
på 4 millionar kroner eller 2,5 % samanlikna med same kvartal i fjor. Banken har
fullført konvertering til SpareBank 1-alliansen og ventar ikkje større kostnadar
til dette framover, men det gjenstår framleis optimalisering og kostnadsuttak
vidare framover også. Banken har mellom anna varsla ei frivillig nedbemanning
med ei målsetting om å redusere minst 20 årsverk. Det er ikkje gjort
kostnadsavsetningar til dette i 3. kvartal, men prosessen med frivillig
nedbemanning er venta å bli konkludert og vil få kostnadseffektar i 4. kvartal.

Banken har kostnadsført netto 8 millionar kroner på tapsavsetningar i kvartalet,
tilsvarande 0,01 % av brutto utlån.

I sum gir dette eit resultat etter skatt på 290 millionar kroner, ein auke på 71
millionar kroner frå førre kvartal, men ein reduksjon samanlikna med 3. kvartal
i fjor. 3. kvartal i fjor var særskilt godt med store eingongsinntekter som
følgje av sal av eigardel i Frende Holding og oppskriving av aksjeverdi i
Samarbeidende Sparebankar.

Konsernet har pr. 30.09.25 rein kjernekapitaldekning på 18,3 % og total
kapitaldekning på 22,7 %, etter at banken i løpet av kvartalet har delt ut eit
tilleggsutbytte på 351 millionar kroner.

Den fullstendige kvartalsrapporten er lagt ved, saman med ein presentasjon av
tala pr. 3. kvartal 2025.

Kontaktpersonar: Trond Teigene, adm. direktør, tlf. 908 25 086
Frode Vasseth, direktør økonomi og finans, tlf. 951 98 452


658828_SSF Kvartalsrapport Q3 2025.pdf
658828_SSF Investorpresentasjon Q3 2025.pdf

Kilde

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Spb Sogn og Fjordane 21/27 FRN C, Spb Sogn og Fjordane 21/31 1.91 pct, Spb Sogn og Fjordane 21/28 2.15 pct, Spb Sogn og Fjordan 21/PERP FRN C HYBRID, Spb Sogn og Fjordan 22/PERP FRN C HYBRID, Spb Sogn og Fjordane 23/33 FRN C SUB, Spb Sogn og Fjordane 23/PERP FRN HYBRID, Spb Sogn og Fjordane 23/26 FRN, Spb Sogn og Fjordane 23/27 5,20%, Spb Sogn og Fjordane 23/27 FRN, Spb Sogn og Fjordane 23/29 5,545%, Spb Sogn og Fjordane 24/34 ADJ C SUB, Spb Sogn og Fjordane 24/29 4,96%, Spb Sogn og Fjordan 24/PERP FRN C HYBRID, Spb 1 Sogn og Fjord 25/PERP ADJ C HYBRID, Spb 1 Sogn og Fjordane 25/35 ADJ C SUB, Spb 1 Sogn og Fjordane 25/28 FRN

ISIN

NO0010917271, NO0010922826, NO0010984180, NO0011084758, NO0012426347, NO0012858549, NO0012940362, NO0012938994, NO0013005322, NO0013042465, NO0013060749, NO0013178673, NO0013197095, NO0013323436, NO0013484782, NO0013502450, NO0013556621

Marked

Nordic Alternative Bond Market