13 Oct 2025 13:00 CEST

Utsteder

Avinor AS

Talet på reisande held fram å auke også i september, med ein auke på to prosent
samanlikna med same periode i 2024. Auken kjem av reiselystne nordmenn, men òg
av at fleire frå utlandet har fått augo opp for Noreg som feriedestinasjon.

Sommaren er over, men hausten er òg ei populær tid å reise på. Det ser vi
tydeleg med dei 4,9 millionar passasjerane som reiste gjennom Avinor sine
lufthamner i september. Samanlikna med same månad i fjor, er dette ein auke på
to prosent – både for innanlands- og utanlandstrafikk.

Vi ser særleg ein vekst blant utanlandsreisande i september, samanlikna med
september 2024. Over to millionar reiste til og frå norske lufthamner og
utlandet, noko som utgjer ein auke på tre prosent.

– Trendane frå sommartrafikken held fram i september, ein månad som blir stadig
meir prega av turisme. Vi ser at veksten i stor grad er knytt til marknader med
sterk internasjonal interesse. Til dømes har Bergen ein utanlandsvekst i
passasjertalet på heile elleve prosent, medan Evenes og Tromsø har ein samla
vekst på høvesvis elleve og seks prosent, seier Gaute Skallerud Riise, direktør
for trafikkutvikling i Avinor.

Andre større lufthamner som Oslo (+1 %), Stavanger (+1 %) og Trondheim (0 %)
opplever derimot ein svakare utvikling i det totale passasjertalet for
september.

– Det er heilt tydeleg ei uro for dei respektive regionane, men òg for Noreg som
heilskap når det gjeld utviklinga av Oslo lufthamn, som er landets hovudflyplass
og knutepunkt, seier Skallerud Riise.

Rekord i september
Ein annan trend som har utvikla seg dei siste tre åra, er at fyllingsgraden på
flya er rekordhøg.

– I september var 74,5 prosent av alle seter fylte av passasjerar, noko som er
rekord for denne månaden i året. Hittil i år ligg fyllingsgraden på 74,7
prosent, som òg er rekord samanlikna med tidlegare år. Veksten i talet på
reisande er altså høgre enn utviklinga i talet på seter som er til sals, seier
Skallerud Riise.

Flyrørsler
Det var 66 578 kommersielle flyrørsler i september. Det éin prosent auke
samanlikna med i fjor.

Auke i ansvarleg droneflyging
Fleire flyg dronar ansvarleg, viser tala frå september. Førre månad var det 3320
innmeldte droneplanar i Ninox Drone – Avinors system for handtering av dronar.

– I september såg vi ein auke på 15 prosent i talet på innmelde droneplanar,
samanlikna med same månaden i fjor, seier Mats Gjertsen, leiar for
droneprogrammet i Avinor.

– Det er positivt at ansvarleg dronebruk aukar. At fleire melder inn
droneplanane sine i Ninox, bidreg til å skape ein kultur for trygg og synleg
droneflyging. Vi oppfordrar alle som flyg drone, om å setje seg inn i
regelverket før dei flyg.

Totalt i år har det vore meldt inn 25 344 droneplanar.

Lenke til statistikk:
https://om.avinor.no/om-oss/trafikkstatistikk/


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs