11 Sep 2025 09:00 CEST

Utsteder

Avinor AS

Nær 5 millionar passasjerar reiste gjennom norske lufthamner i august. Dette er
ein auke på 4 prosent samanlikna med august i 2024. Trenden med aukande tal på
reisande til og frå utlandet held fram, men veksten var like stor blant
innanlandsreisande i august.

Rekord på rekord på Bergen lufthamn, Flesland
-August var ein månad med god samla utvikling for Avinor sine 43 lufthamner, og
ein auke på 4 prosent passasjerar i både innan- og utanlandstrafikken. Både
Nord-Noreg og Vestlandet har hatt betydeleg vekst. Bergen lufthamn hadde enda
ein rekordmånad i august, den tredje på rad, med 6 prosent vekst mot fjoråret og
heile 11 prosent høgare passasjertal enn i 2019, fortel Gaute Skallerud Riise,
direktør trafikkutvikling i Avinor.

-Sommarmånadene har vore svært gode, og i perioden juni til og med august har
alle lufthamnene samla hatt passasjertrafikk på over 2019-nivå. Framover ventar
vi ei meir moderat utvikling, særleg til vinteren der utviklinga i kapasitet hos
flyselskapa på Avinor sine lufthamner er forventa å vere svak, seier Riise.

-På Oslo lufthamn held diverre trenden med ei svakare utvikling enn
hovudflyplassane i nabolanda våre fram, både i høve til Arlanda i Stockholm og
særleg Kastrup i København. Dette uroar oss da Oslo lufthamn er utruleg viktig,
ikkje berre for Austlandet og hovudstaden, men for heile Noreg si
konkurransekraft og internasjonale attraktivitet, forklarer Riise.

Turismen aukar i Nord-Noreg
-Lufthamnene nord for Trondheim hadde om lag 11 prosent vekst samanlikna med
fjoråret og 14 prosent vekst mot 2019. Turisme er ein svært viktig drivar for
denne utviklinga, og syner enda ein gong den sterke trenden Noreg opplever i
dette reisesegmentet. August er også ein typisk feriemånad i Europa og andre
deler av verda, seier Riise.

Flyrørsler
Det var 56.000 kommersielle flyrørsler i august. Dette er 3 prosent auke
samanlikna med august i fjor. Så langt i år er det 2 prosent fleire flyrørsler
enn på same tid i fjor.

Ny årsrekord for droneflyging
I løpet av september vil talet på lovlege droneflygingar passere talet for heile
2024.

– Det er inspirerande å sjå at fleire vel å fly på ein trygg og synleg måte. Når
vi får så mange innmelde flygingar midt i høgsesongen, syner det at ansvarleg
dronebruk har fått eit solid fotfeste i Noreg, og denne utviklinga heier vi på,
seier Mats Gjertsen, leiar av Avinor sitt droneprogram.

Dronetal for august:
Talet på droneplanar i august: 3.702
Talet på droneplanar så langt i år: 22.024
Samanlikna med august 2024: + 45 %
Hittil i år, samanlikna med i fjor: + 33 %


Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs