14 Aug 2025 11:18 CEST

Utsteder

SpareBank 1 Lom og Skjåk

-Vi er godt nøgde med resultatet vi leverar etter fyrste halvår 2025, der vi har
eit totalresultat for halvåret på 113,1 mill. kroner. Dette er ein auke frå 65,5
mill kroner etter fyrste halvår 2024, seier administerande banksjef Unni Strand.
Største delen av auken kjem frå sal av aksjar i Samarbeidende Sparebanker AS,
der vi har resultatført ein gevinst på 35,6 mill. kroner.

-Vi har framleis ein god vekst på utlån gjennom satsinga ved Oslokontoret og
samarbeidsavtalen med Den Norske Turistforening Oslo og Omegn. Utlånsvekst for
PM er på 20,2% siste 12 mnd, og 2,9% på BM. Dette gjev ein samla utlånsvekst på
13,84%. Innskotsveksten er på 9,5% siste 12 mnd. I fyrste halvår 2025 har
innskota auka meir enn utlåna, noko som bidreg til at rentenettoen har gått ned
til 2,17% frå 2,50% etter tilsvarande periode i fjor.

-Vi har ein auke i driftskostnader samalikna med fjoråret. Ein del av dette
skriv seg frå auka IT-kostnader som følgje av rettsaken mellom SpareBank 1 og
Tieto Evry. Kostnadsførte tap er på 11,9 mill. Tapa kan tilskrivast realisasjon
av tidlegare avskrive engasjement og tapsavsetning på eit fåtal eldre
PM-engasjement. Tapa er ikkje knytt til veksten dei siste åra, og vi ser at PM
veksten den siste tida ikkje har medført auka risiko for banken.

-Vi ser ljost på 2. halvår 2025, der vi meiner vi har både ressursar, kapital
og likviditet til å fortsetje veksten.

Sjå vedlegg på https://newspoint.no


652804_Kvartalsrapport 2-2025.pdf

Kilde

SpareBank 1 Lom og Skjåk

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Spb 1 Lom og Skjaak 21/26 FRN, Spb 1 Lom og Skjaak 22/25 FRN, Spb 1 Lom og Skjak 22/26 FRN, Spb 1 Lom og Skjaak 23/27 FRN, Spb 1 Lom og Skjak 24/29 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/34 ADJ C SUB, Spb 1 Lom og Skjåk 24/28 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/29 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/35 ADJ C SUB

ISIN

NO0010921042, NO0012569443, NO0012692617, NO0013035188, NO0013119214, NO0013254854, NO0013361147, NO0013409177, NO0013431965

Marked

Nordic Alternative Bond Market