13 Aug 2025 17:00 CEST

Utsteder

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Styret i SpareBank 1 Sogn og Fjordane har handsama rekneskapen for 2. kvartal
2025. Rekneskapen viser eit resultat etter skatt på 219 millionar kroner for
kvartalet og ein eigenkapitalavkastning på 11,8 %.

Netto renteinntekter enda på 380 millionar kroner, ein reduksjon på 14 millionar
kroner frå 2. kvartal 2024 og ein reduksjon på 8 millionar kroner frå førre
kvartal. Reduksjonen frå førre kvartal kjem som hovudsak som følgje av at banken
no har begynt å overføre lån til SpareBank 1 Boligkreditt og at lånevolumet som
følgje av dette går ned, medan inntektene frå det overførte volumet kjem tilbake
til banken i form av andre provisjonsinntekter. Ved utgangen av 2. kvartal har
banken til saman overført bustadlån på om lag 7,4 milliardar kroner til
SpareBank 1 Boligkreditt.

Banken har vekst i utlån til privatmarknad på 6,0 % siste 12 månadar, inkludert
volum overført til SpareBank 1 Boligkreditt, etter eit godt 2. kvartal med 1,2
milliardar i utlånsvekst. For bedriftsmarknaden har banken ein auke i utlån på
9,0 % siste 12 månadar.

Andre driftsinntekter eksklusiv finansielle postar aukar med 7 million kroner
frå 2. kvartal 2024 til 54 millionar kroner. Dette kjem i hovudsak som følgje av
at banken får provisjonsinntekter frå lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt,
men banken har også god utvikling frå eigedomsmekling og andre
provisjonsinntekter. Finansielle postar har netto positivt resultat på 14
millionar kroner i 2. kvartal.

Banken har driftskostnadar på 163 millionar kroner i 2. kvartal, ein auke på 4
millionar kroner eller 2,6 % samanlikna med same kvartal i fjor. Banken har
fullført konvertering til SpareBank 1-alliansen og ventar ikkje større kostnadar
til dette framover, men det gjenstår framleis optimalisering og kostnadsuttak
vidare framover også.

Banken har kostnadsført netto 10 millionar kroner på tapsavsetningar i
kvartalet.

I sum gir dette eit resultat etter skatt på 219 millionar kroner, om lag på nivå
med same kvartal i fjor (221 millionar kroner). Banken rapporterer for første
gong kapitaldekning etter ny kapitalkravsforordning (CRR3). Konsernet har pr.
30.06.25 rein kjernekapitaldekning på 19,3 % og total kapitaldekning på 23,7 %.
Rein kjernekapitaldekning er auka med 2 prosentpoeng frå førre kvartal og banken
har med det ein margin på 3,3 prosentpoeng til regulatorisk krav. Styret i
banken har derfor valt å kalle inn til ekstraordinær generalforsamling med
forslag om å betale ut eit tilleggsutbytte på kr 18 pr EK-bevis, samla 351
millioner kroner , basert på resultatet for 2024. Generalforsamlinga er planlagt
2. september og det er venta at utbytte vil bli betalt ut 12. september.
Tilleggsutbytte vil redusere kapitaldekninga med om lag 1 prosentpoeng, slik at
rein kjernekapitaldekning alt anna likt vil vere om lag 18,3 % etter utdeling.
Banken vil med dette ha betalt ut om lag 99 % av EK-beviseigarane sitt disponble
resultat for 2024.

Den fullstendige kvartalsrapporten er lagt ved, saman med ein presentasjon av
tala pr. 1. kvartal 2025. Kontaktpersonar: Trond Teigene, adm. direktør, tlf.
908 25 086 Frode Vasseth, direktør økonomi og finans, tlf. 951 98 452


652726_SSF Investorpresentasjon Q2 2025.pdf
652726_SSF kvartalsrapport 2. kvartal 2025.pdf

Kilde

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Spb Sogn og Fjordane 20/25 FRN, Spb Sogn og Fjordane 21/27 FRN C, Spb Sogn og Fjordane 21/31 1.91 pct, Spb Sogn og Fjordane 21/28 2.15 pct, Spb Sogn og Fjordan 21/PERP FRN C HYBRID, Spb Sogn og Fjordan 22/PERP FRN C HYBRID, Spb Sogn og Fjordane 23/33 FRN C SUB, Spb Sogn og Fjordane 23/PERP FRN HYBRID, Spb Sogn og Fjordane 23/26 FRN, Spb Sogn og Fjordane 23/27 5,20%, Spb Sogn og Fjordane 23/27 FRN, Spb Sogn og Fjordane 23/29 5,545%, Spb Sogn og Fjordane 24/34 ADJ C SUB, Spb Sogn og Fjordane 24/29 4,96%, Spb Sogn og Fjordan 24/PERP FRN C HYBRID, Spb 1 Sogn og Fjord 25/PERP ADJ C HYBRID, Spb 1 Sogn og Fjordane 25/35 ADJ C SUB, Spb 1 Sogn og Fjordane 25/28 FRN

ISIN

NO0010891880, NO0010917271, NO0010922826, NO0010984180, NO0011084758, NO0012426347, NO0012858549, NO0012940362, NO0012938994, NO0013005322, NO0013042465, NO0013060749, NO0013178673, NO0013197095, NO0013323436, NO0013484782, NO0013502450, NO0013556621

Marked

Nordic Alternative Bond Market