11 Aug 2025 12:00 CEST

Utsteder

Avinor AS

Det var ein liten auke i sommartrafikken i juli samanlikna med i 2024 - og
landets største lufthamn har passert ein milepæl.

Fleire enn 5 millionar passasjerar reiste gjennom norske lufthamner i juli.
Dette er ein auke på to prosent samanlikna med same månad i fjor. Så langt i år
har det vore fire prosent fleire reisande enn i 2024 – med auke både blant
innanlands- og utanlandsreisande. I juli reiste over 2,7 millionar til og frå
Noreg, noko som tilsvarer ein auke på éin prosent blant utanlandsreisande.

Fleire enn forventa
Ser ein isolert på innanlandsreisande i juli, er det to prosent fleire i år
samanlikna med same månad i fjor. –Sommaren har vore god og noko betre enn
venta. Tala for innanlandsreisande har særleg utmerkt seg, med ein auke på to
prosent samanlikna med i fjor. Samstundes ser vi ei utflating i veksten som
prega første halvår. Vi ventar at denne utflatinga held fram, med lågare vekst i
andre halvår enn det vi har opplevd i første halvår, seier Gaute Skallerud
Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor. Han trekkjer òg fram frakt, som
hadde ein vekst i juli. –

Fraktutviklinga over OSL er framleis sterk, med ein vekst på 6 prosent i juli og
11 prosent så langt i år. Auka rutekapasitet på langdistanseruter har bidrege
til å redusere transporttid og avstand for sjømat som skal ut av landet.
Samstundes blir importen i større grad sendt direkte til Oslo i staden for via
andre knutepunkt i Europa, avsluttar han.

På nivå med før pandemien
Prognosane for talet på reisande gjennom Oslo lufthamn i perioden 20. juni til
20. august var seks millionar. Allereie i juni og juli samla ser ein at over 5.3
millionar reisande har ferdast til og frå Noregs største lufthamn. Den 13. juli
reiste 100 296 passasjerar gjennom lufthamna. Det er første gong at så mange
besøkte lufthamna på ein dag, sidan pandemien braut ut i mars 2020.

Flyrørsler
Det var 53.517 kommersielle flyrørsler i juli. Dette er ein liten auke frå juli
i fjor, og det er tre prosent fleire flyrørsler i år så langt.

Veksten i droneflyging held fram i juli
Interessa for ansvarleg droneflyging viser ingen teikn til å flate ut. I juli
vart det meldt inn 3 265 droneflygingar i Ninox Drone, Avinor sitt system for
handtering av dronar. – Dette er 50 prosent fleire flygingar enn i juli i fjor,
seier Mats Gjertsen, leiar for droneprogrammet i Avinor. – Vi har no sett ein
tydeleg vekst gjennom heile året, og juli-tala stadfestar at utviklinga held
fram i same positive retning. Både godt sommarvêr og auka turisme har bidrege
til aktiviteten. Så langt i år ligg talet for innmelde droneflygingar 30 prosent
høgare enn på same tid i 2024. – Det er inspirerande å sjå at fleire vel å fly
på ein trygg og synleg måte. Når vi får så mange innmelde flygingar midt i
høgsesongen, viser det at ansvarleg dronebruk har fått eit solid fotfeste i
Noreg, seier Gjertsen.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs