11 Jul 2025 12:00 CEST

Utsteder

Avinor AS

I juni nytta godt over fem millionar reisande Avinor sine lufthamner. Dette er
ein auke på 5 prosent. Samla for alle Avinor sine lufthamner var det auke både
innan- og utanlands samanlikna med juni i fjor. Så langt i år er auken 4
prosent. 2,8 millionar har reist innanlands i juni, det er ein auke på heile 6
prosent samanlikna med same månad i fjor. 2,2 passasjerar har reist utanlands i
juni. Det er 3 prosent fleire enn i juni i fjor.

Flyrørsler
Det har vore 55.000 kommersielle flyrørsler i juni. Dette er ei lita auke (2
prosent) frå juni i fjor.

Høgsesong for droneflyging
I juni vart det meldt inn 3370 flygingar med drone i Ninox Drone, Avinor sitt
system for handtering av dronar.
– Hittil i år ser vi ein auke på nesten 30 prosent i talet på innmelde
droneplanar samanlikna med same periode i fjor. Det synar ein positiv trend hos
droneoperatørar, og at fleire ser nytta av å bruke Ninox Drone som eit verktøy
for trygg og sikker droneflyving. Sommaren er høgsesong for droneflyving i
Noreg, med både fint vær og mykje turisme. Vi oppmodar alle som flyr drone om å
nytte Ninox Drone, og setje seg godt inn i regelverket og forbodssoner rundt
flyplassane, seier Mats Gjertsen leiar av Avinor sitt droneprogram.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs