11 Jun 2025 14:00 CEST

Utsteder

Avinor AS

I mai nytta 4,5 millionar reisande Avinor sine lufthamner. Dette er same nivå
som i mai 2024.

Talet på utanlandsreisande er stabilt. 1,9 millionar har reist til og frå Noreg
i mai. Samla for alle Avinor sine lufthamner har det vore 1 prosent færre
utanlandsreisande i mai i år enn i mai i fjor. Så langt i år har det vore seks
prosent auke i talet på reisande utanlands samanlikna med same periode i 2024.
2,5 millionar har reist innanlands i mai. Det er det same som i mai 2024. Så
langt i år veksten vore 3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Heilagdagar i mai
-Mai er, som alltid, prega av plasseringa av heilagdagar. Dette verkar inn på
trafikken flytrafikken både innan- og utanlands. På Bergen lufthamn har
rullebanen vore reasfaltert i mai. I store delar av mai har rullebana vore
stengd for flytrafikk mellom kl. 19.00 og 07.00 i vekedagane. Dette har gitt ein
nedgang i talet på flygingar og passasjerar for Bergen lufthamn, og dette skaper
også ringverknader for andre lufthamner i Avinor-nettverket, seier Gaute
Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

-Vi står no framfor høgsesongen for fritidsreiser. I perioden juni–august
ventar vi vekst i talet på reisande på 2 prosent utanlandsreisande og 1 prosent
innanlandsreisande, samanlikna med fjoråret. Det vil vere mange travle dagar på
lufthamnene våre, og fredag 20. juni er venta å bli den største utfartsdagen
denne sommaren, held Riise fram.

Flyrørsler
Det har vore 55.000 kommersielle flyrørsler i mai. Dette er ei lita auke frå mai
i fjor. Så langt i år er det ein auke i flyrørsler på 2 prosent.

Auke i frakt
Også når det gjeld frakt held auken fram, med 12,4 prosent vekst i mai og 7,9
prosent til no i år, samanlikna med mai i fjor. Sjømateksport er dominerande for
utgåande frakt, medan importen held fram å vere driven av e-handel frå Asia,
avslutter Riise.

Auke i ansvarleg droneflyging
I mai vart det meldt inn 3478 flygingar med drone i Ninox Drone, Avinor sitt
system for handtering av dronar.
-For aller første gong har det vore fleire enn 3000 innmelde droneplanar i Ninox
Drone på ein månad, fortel Mats Gjertsen som leiar droneprogrammet til Avinor.

Dette er ein auke på 17 prosent samanlikna med mai i fjor, og heile 30 prosent
så langt i år mot same periode i fjor. -Dette seier oss at stadig fleire
droneoperatørar vel å fly på ein ansvarleg måte, ved å registrere droneflyginga
si og dermed gjere ho synleg for andre. Dette er til stor motivasjon for oss i
arbeid vårt med ei trygg integrering av dronar i luftrommet. Vi håper dette er
ein trend som vil halde fram, særskild no som høgsesongen for dronar er i full
gang, avsluttar Mats Gjertsen.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs