13 May 2025 13:00 CEST

Utsteder

Avinor AS

I april nytta 4,3 millionar reisande Avinor sine lufthamner. Dette er ein auke
på tre prosent samanlikna med april i 2024.

Talet på utanlandsreisande veks framleis kraftig. Samla for alle Avinor sine
lufthamner har det vore elleve prosent auke i talet på utanlandsreisande i
april. Så langt i år har det vore åtte prosent auke.

Innanlands er det éin prosent færre reisande, om ein berre ser på april, men så
langt i år har det vore vekst på fire prosent.

-April vart prega av at påska i år fall på denne månaden, mot mars i fjor. Dette
påverkar talet på utanlandsreisande positivt og innanlandstrafikken negativt,
isolert sett, fortel Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i
Avinor. -Ser ein på første tertial (januar – april) som gir eit betre perspektiv
på utviklinga, ser ein at den positive trenden med ein voksande utanlandsmarknad
held fram. Det er tilreisande til Noreg som er den sentrale drivkrafta bak denne
auken. Det er òg positiv utvikling innanlands. Samla ser vi ein vekst på heile 5
prosent i perioden januar til og med april, seier Riise.

Flyrørsler
Det var 52.458 kommersielle flyrørsler i april. Dette er tre prosent færre enn i
april i 2024, men så langt i år er det ein auke i flyrørsler på 2 prosent.
Store skilnader mellom lufthamnene

Det er tre prosent fleire reisande i april i år samanlikna med i fjor på alle
Avinor sine lufthamner. Dei fire største (DSL= Oslo, Bergen, Trondheim og
Stavanger) aukar også med til saman tre prosent. Dei regionale lufthamnene (DRL
=resten av lufthamnene) har ein samla auke på seks prosent i april. Tromsø aukar
med heile 14 prosent samanlikna med april førre året.

Auke i frakt
Også når det gjeld frakt held auken fram, med 18 prosent vekst i april
samanlikna med april i fjor.

Passerte 15.000 dronebrukarar i april
I april vart det meldt inn 2614 droneplanar, det vil seie flygingar registrert i
Ninox Drone. Samanlikna med same månad i fjor har det vore ein auke på 25
prosent, noko som viser at stadig fleire ser nytten av å melde inn droneplanane
sine, seier Mats Gjertsen som leiar droneprogrammet til Avinor. - I tillegg er
vi svært glade for å ha passert 15.000 registrerte brukarar i Ninox Drone,
sidan vi no går inn i høgsesongen for droneflygingar. Det er tydeleg at
droneoperatørar ønskjer å fly lovleg og ta omsyn til andre i luftrommet – dette
heiar vi på, avsluttar Mats Gjertsen.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs