07 May 2025 17:00 CEST

Styret i SpareBank 1 Sogn og Fjordane har handsama rekneskapen for 1. kvartal
2025. Rekneskapen viser eit resultat etter skatt på 183 millionar kroner for
kvartalet og ein eigenkapitalavkastning på 9,9 %.

Netto renteinntekter enda på 388 millionar kroner, ein auke på 1 million kroner
frå 1. kvartal 2024 og ein reduksjon på 13 millionar kroner frå førre kvartal.
Reduksjonen frå førre kvartal kjem mellom anna som følgje av at banken no har
begynt å overføre lån til SpareBank 1 Boligkreditt og at lånevolumet som følgje
av dette går litt ned, medan inntektene frå det overførte volumet kjem tilbake
til banken i form av andre provisjonsinntekter.

Banken har vekst i utlån til privatmarknad på 5,0 % siste 12 månadar, inkludert
volum overført til SpareBank 1 Boligkreditt. For bedriftsmarknaden har banken
ein auke i utlån på 7,4 % siste 12 månadar.

Andre driftsinntekter eksklusiv finansielle postar aukar med 7 million kroner
frå 1. kvartal 2024 til 45 millionar kroner. Dette kjem i hovudsak som følgje av
at banken får provisjonsinntekter frå lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt,
men banken har også god utvikling på provisjonsinntekter frå forsikringssal.
Finansielle postar har netto negativ verdiutvikling med eit resultat på - 3
millionar kroner i 1. kvartal.

Banken har driftskostnadar på 169 millionar kroner i 1. kvartal, ein auke på 12
millionar kroner eller 7,6 % samanlikna med same kvartal i fjor. Banken har
framleis kostnadar knytt til konvertering til SpareBank 1, men på eit vesentleg
lågare nivå enn i fjor, slik at kostnadane er redusert med 78 millionar kroner
samanlikna med førre kvartal. Banken har også framleis ein del doble kostnadar
og vil halde fokus på kostnadar og kostnadseffektivitet vidare framover.

Banken har kostnadssført netto 26 millionar kroner på tapsavsetningar i
kvartalet. 13 millionar av dette kjem som følgje av skifte av risikomodellar og
tapsmodellar til SpareBank 1 sine modellar. Skiftet medfører ein del endringar i
trinnfordeling av låneporteføljen og følgjeleg litt endringar i
tapssamansetning, men ikkje vesentleg endra tapsnivå.

I sum gir dette eit resultat etter skatt på 183 millionar kroner. Samanlikna med
same kvartal i fjor er det ein resultatreduksjon på 49 millionar kroner, i
hovudsak forklart med lågare finansinntekter og høgare tap på utlån. Konsernet
har pr. 31.03.25 rein kjernekapitaldekning på 17,3 % og total kapitaldekning på
21,8 %. Banken estimerer at rein kjernekapitaldekning kan auke med om lag 2,1
prosentpoeng ved innføring av CRR3 i 2. kvartal i år.

Den fullstendige kvartalsrapporten er lagt ved, saman med ein presentasjon av
tala pr. 1. kvartal 2025.

Kontaktpersonar: Trond Teigene, adm. direktør, tlf. 908 25 086
Frode Vasseth, direktør økonomi og finans, tlf. 951 98 452


645596_SSF Investorpresentasjon Q1 2025.pdf
645596_SSF 1. kvartal 2025.pdf

Kilde

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Spb Sogn og Fjordane 19/30 FRN C SUB, Spb Sogn og Fjordane 20/25 FRN, Spb Sogn og Fjordane 21/27 FRN C, Spb Sogn og Fjordane 21/31 1.91 pct, Spb Sogn og Fjordane 21/28 2.15 pct, Spb Sogn og Fjordan 21/PERP FRN C HYBRID, Spb Sogn og Fjordan 22/PERP FRN C HYBRID, Spb Sogn og Fjordane 23/33 FRN C SUB, Spb Sogn og Fjordane 23/PERP FRN HYBRID, Spb Sogn og Fjordane 23/26 FRN, Spb Sogn og Fjordane 23/27 5,20%, Spb Sogn og Fjordane 23/27 FRN, Spb Sogn og Fjordane 23/29 5,545%, Spb Sogn og Fjordane 24/34 ADJ C SUB, Spb Sogn og Fjordane 24/29 4,96%, Spb Sogn og Fjordan 24/PERP FRN C HYBRID, Spb 1 Sogn og Fjord 25/PERP ADJ C HYBRID, Spb 1 Sogn og Fjordane 25/35 ADJ C SUB

ISIN

NO0010852007, NO0010891880, NO0010917271, NO0010922826, NO0010984180, NO0011084758, NO0012426347, NO0012858549, NO0012940362, NO0012938994, NO0013005322, NO0013042465, NO0013060749, NO0013178673, NO0013197095, NO0013323436, NO0013484782, NO0013502450

Marked

Nordic Alternative Bond Market