-
Markeder
-
Aksjer
Sustainable finance2025 Euronext ESG Trends ReportLes merA data-driven snapshot of how Euronext-listed companies are advancing their Environmental, Social and Governance (ESG) practices.
-
Indekser
Access the white paperInvesting in the future of Europe with innovative indicesLes merThe first edition of the Euronext Index Outlook series with a particular focus on the European Strategic Autonomy Index.
-
ETF-er
The European market place for ETFsEuronext ETF EuropeLes merInvestors benefit from a centralised market place that will not only bring transparency but also better pricing due to the grouping of liquidity.
- Fond
-
Obligasjoner
European Defence BondsGroupe BPCE lists the first bondLes merFirst financial institution in Europe to issue a bond dedicated to the defence sector
- Strukturerte produkter
-
Derivater
Where European Government Bonds Meet the FutureFixed Income derivativesLes merTrade mini bond futures on main European government bonds
-
Råvarer
- Oversikt
- Quotes snapshot
- Power Derivatives
- Milling Wheat derivatives
- Corn derivatives
- Spread contracts
- Rapeseed derivatives
- Durum Wheat derivatives
- Salmon derivatives
- Levering og oppgjør
- Spesifikasjoner og ordninger
- Commitments of Traders (CoT) report
- Commodity brokers
Building a sustainable and liquid power derivatives market.Euronext Nord Pool Power FuturesLes merEuronext and Nord Pool, the European power exchange, announced the launch of a dedicated Nordic and Baltic power futures market.
-
Ressurser
Designed to help students navigate the complexities of financial marketsEuronext Trading gameLes merJoin the Euronext Trading Game and step into capital markets. Learn from today’s leaders, explore sustainable opportunities, and trade with confidence.
Trafikktala i februar: Fleire utanlandsreisande – stabilt innanlands
11 Mar 2025 13:00 CET
Utsteder
Avinor AS
I februar nytta 3,6 millionar reisande Avinor sine lufthamner. Dette er ein auke
på 2 prosent samanlikna med februar i 2024. Det er liten auke i talet på
innanlandsreisande, men for utanlandsreisande gjekk talet opp med 6 prosent.
I februar i fjor reiste det 1.359.878 passasjerar mellom Noreg og utlandet. I år
er talet auka til 1.438.674 reisande. - Veksten i talet på utanlandsreisande er
framleis prega av den sterke auken i turisme til Noreg. Noreg er ein attraktiv
destinasjon, og vi opplever nå ein sterk vekst vinterstid. Dette gjeld både frå
Europa, Nord Amerika og Asia. Det er her vi finn forklaringa på auken i
passasjertala, forklarer Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i
Avinor.
Ingen auke i flyrørsler
Det var 45.549 flyrørsler i februar. Det er på same nivå som februar i 2024.
-Med ei framleis begrensa utvikling i talet på flyrørsler, held fyllingsgraden
fram med å stige også for februar. Samla var fyllingsgraden på 71,8 prosent,
noko som er opp over 1 prosentpoeng mot same månad i fjor. Dette er positivt for
kapasitetsutnyttinga i luftfarten, men det er også eit uttrykk for dei store
leveranseutfordringane flyselskapa står overfor. Det påverkar rutetilbodet i
marknaden, avsluttar Riise.
Framleis størst vekst for dei mindre lufthamnene
For alle Avinor sine lufthamner samla er det 2 prosent fleire reisande i februar
i år enn i februar i fjor.
Ser vi på dei store lufthamnene Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger (DSL), er
det liten endring samanlikna med februar i fjor, med 1 prosent samla auke.
Det er dei regionale lufthamnene (DRL) som hadde størst samla vekst i februar,
med ein auke på 8 prosent.
Fleire lovlege droneflygingar
I februar vart det meldt inn 1870 flygingar med drone i Ninox Drone - Avinor
sitt system for handtering av dronar. – Dette er ein auke på rundt femti prosent
samanlikna med februar 2024, seier Mats Gjertsen som leiar droneprogrammet til
Avinor.
-Sjølv i vintermånadene, der det normalt er lågare droneaktivitet, ser vi stadig
vekst i bruken av Ninox Drone, og dette er bra, seier Gjertsen. -Det er diverre
framleis enkelte som ikkje kan-, eller som vel å la vere, å følgje reglane for
droneflyging. Vi oppfordrar alle til å setje seg inn i regelverket før dei flyg,
og nytte Ninox Drone til lovleg flyging. På www.avinor.no/droner kjem reglane
tydeleg fram, avsluttar Gjertsen.
Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk
More information:
Access the news on Oslo Bors NewsWeb site
Kilde
Avinor AS
Leverandør
Oslo Børs Newspoint
Company Name
Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN
ISIN
NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246
Marked
Euronext Oslo Børs