28 Feb 2025 13:43 CET

Utsteder

SpareBank 1 Lom og Skjåk

Rekordresultat, god vekst og gode marginar, men auka tap i 2024

For 2024 kan vi vise til ein utlånsvekst på 14,9 % medrekna lån overført til
SpareBank 1 Boligkreditt. PM-veksten i 2024 er 23,5 %, medan veksten i BM er på
1,2 %. Vi er glade for å sjå at veksten kjem i dei låge risikoklassene.

Vi er veldig tilfredse med at vi klarar å oppretthalde ein sterk rentenetto,
noko som skuldast at vi har greidd å finansiere utlånsveksten med god
innskotsdekning. Vi har eit resultat av ordinær drift som er betre enn i 2023.
Ein mindre sparebank som oss, med stor påverknadskraft i lokalmarknaden, tek
naturleg enkeltkundar og prosjekt som medfører noko forhøgd risiko. Styre og
leiing i banken er innforstått med den posisjonen og risikoen dette medfører. Vi
hadde ein stor auke i kostnadsførte tap i 2024, der tapa for året samla sett
vart på 37,2 mill. kroner. Landbruk, som utgjer 38 % av BM-porteføljen, og
reiseliv har god utvikling, medan eigedom og eigedomsprosjekt er prega av noko
svakare konjunkturar. Faktiske tap er i hovudsak knytt til lokale verksemder, og
avsetjingar for å møte eventuelle tap er knytt til eit fåtal lokale verksemder
banken har fylgt opp over tid. Endringar i IFRS9-modellen medførte også auka
tapsavsetningar.

Sjølv med relativt store nedskrivingar og tap på utlån vart 2024 det beste året
nokon gong resultatmessig. Resultat etter skatt for 2024 er på 173,6 mill.
kroner. Eigenkapitalavkastninga for 2024 er på 12,2 %.
Banken har ein klar strategi i å vekse på låg risiko i personkundemarknaden,
spesielt på det sentrale Austlandet med sterke arbeids- og bustadmarknader, for
å byggje volum, kompetanse og musklar til å betene kjernemarknaden og bidra til
gode oppvekstvilkår, ferie- og fritidsaktivitetar, og støtte idrett og
foreiningsliv i tillegg til å vera ein motor for arbeidsplassar og lokalt
næringsliv.

Netto finansinntekter for 2024 er 116,0 mill. kroner. Av dette utgjer gevinst
ved sal av aksjar i Samarbeidande Sparebankar til SpareBank 1 Sogn og Fjordane
25,1 mill. kroner og auke eigenkapital i SpareBank 1 Gruppen ved Eika Forsikring
AS sin inntreden i Fremtind Holding AS 31,1 mill. kroner.

Forvaltningskapitalen inkl. volum overført til SpareBank 1 Boligkreditt auka med
9,5 % sidan 2023, og er nå 12,8 mrd. kroner. Rein kjernekapitaldekning
(konsolidert) er på 20,32 %, medan kapitaldekninga (konsolidert) er på 22,27 %.

Med eit historisk godt resultat, som i stor grad skuldast eingongshendingar,
meiner styret at det er grunnlag for ei ekstraordinær disponering til framtidige
gåveutdelingar. Det er ikkje identifisert konkrete formål for bruk av heile den
avsette summen, men gåvefondet kan nyttast til utdeling i åra som kjem, slik at
disponeringa kan sikre at tilstrekkjelege gåvemidlar er tilgjengelege for
allmennyttige formål, også i år der resultata til banken ikkje gjer det mogleg
med større disponeringar over årsresultatet. Styret gjer framlegg om disponering
av overskotet til banken ved at kr 20 mill. kroner blir overført til gåvefondet
og 154,2 mill. kroner blir overført til fondet i sparebanken. Eigenkapitalen i
banken utgjer nå 1,498 mrd. kroner.


640131_Årsmelding SpareBank 1 Lom og Skjåk 2024.pdf

Kilde

SpareBank 1 Lom og Skjåk

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Spb 1 Lom og Skjaak 21/26 FRN, Spb 1 Lom og Skjaak 22/25 FRN, Spb 1 Lom og Skjak 22/26 FRN, Spb 1 Lom og Skjaak 23/27 FRN, Spb 1 Lom og Skjak 24/29 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/34 ADJ C SUB, Spb 1 Lom og Skjåk 24/28 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/29 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/35 ADJ C SUB

ISIN

NO0010921042, NO0012569443, NO0012692617, NO0013035188, NO0013119214, NO0013254854, NO0013361147, NO0013409177, NO0013431965

Marked

Nordic Alternative Bond Market