21 Feb 2025 16:00 CET

Bergen kommune fekk eit negativt resultat på 715 millionar kroner i 2024. –
Resultatet er krevjande, men ikkje uventa, seier finansbyråd Jacob Mæhle.

Det dårlege resultatet skuldast ein underliggande vekst i utgiftene som ikkje
har gått i takt med inntektene til kommunen. Finansbyråden seier at arbeidet med
å omstille økonomien til kommunen berre så vidt er starta.

– Tala er blodraude og viser kor alvorleg stoda er for Bergen. Byrådet har sett
på bremsene, men utgiftene veks framleis meir enn inntektene. Vi er heilt nøydde
til å få ned pengebruken i kommunen, seier Jacob Mæhle.

Svikt i inntektene
I haust viste prognosane at Bergen kunne gå over 900 millionar kroner i minus.
Samstundes vart det stramma inn då bystyret behandla revidert budsjett.
Sluttresultatet er betre enn prognosen.

– Avvika frå justert budsjett skuldast mindre inntekter frå skatt og mindre
utbytte enn venta. Årsresultatet er verre enn venta, men betre enn frykta. Mange
i kommunen har gjort ein god jobb med å få ned utgiftene. Den jobben er vi
absolutt ikkje ferdige med, så vi må jobbe målretta også i den kommande
budsjettprosessen, seier Jacob Mæhle.

Pengar frå sparekontoen
Bergen kommune har framleis pengar på bok i det som kallast for
disposisjonsfondet. Byrådet føreslår å dekke inn det negative driftsresultatet
ved å hente pengar frå denne sparekontoen.

– Til alt hell har vi pengar på bok dette året. Dei pengane varer ikkje lenge om
vi ikkje snarleg får harmonisert inntektene og utgiftene våre. Byrådet har sett
i verk fleire grep for å få dette til, seier finansbyråd Jacob Mæhle.

Rekneskapen er førebels, sidan det ikkje er revidert. Endeleg rekneskap vert
presentert i full breidde når byrådet legg fram årsmeldinga for 2024.


639474_Presentasjon Årsregnskap Bergen kommune 2024.pdf

Kilde

Bergen Kommune

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Bergen komm 22/25 FRN, Bergen komm 22/26 FRN, Bergen komm 22/27 3.68pct, Bergen komm 23/28 3,52pct, Bergen komm 23/25 3,699%, Bergen komm 23/25 FRN, Bergen komm 23/25 4,77%, Bergen komm 23/26 4,685%, Bergen komm 24/26 FRN, Bergen komm 24/27 3,885%, Bergen komm 24/27 3,864%, Bergen komm 24/27 FRN, Bergen komm 25/28 FRN

ISIN

NO0012550138, NO0012550146, NO0012781907, NO0012816844, NO0012877374, NO0012947458, NO0013066910, NO0013073627, NO0013197665, NO0013220830, NO0013260950, NO0013334086, NO0013350470, NO0013388439, NO0013420059, NO0013466706

Marked

Euronext Oslo Børs