14 Feb 2025 09:00 CET

Godt driftsresultat og stabil aktivitet, men tapsavsetningar og høge
ekstraordinære kostnadar dreg ned resultat før skatt.

Banken sitt resultat før tap og skatt er på 49,7 millionar kroner ved
årsskiftet. Det er ein resultatnedgang på 6,7 millionar kroner samanlikna med
2023. Høge kredittap saman med ekstraordinære driftskostnader gjer at resultat
av ordinær drift etter tap og skatt er negativt.

I samband med den pågående fusjonsprosessen har alle bankens største
bedriftsengasjement vore vurdert og det er krav om at usikkerhet skal hensyntas
i den vidare prosessen. Etter tapsavsetningar vert bankens resultat negativt med
37,1 mill.kr. Tapsavsetningane som er gjort i 3. og 4. kvartal er relatert til
fleire kundar/kundegrupper. Det er gjort vurderingar av enkeltengasjement der
lån, drift og realisasjonsverdiar i eit konkursscenario er kvantifisert. Etter
at banken la fram halvårsresultatet 2024 har det vore ei negativ utvikling i
nokre av dei misleghaldne bedriftsengasjementene.

Banken ligg over myndighetskravene for soliditet, tross store tapsavsetningar.
Konsolidert rein kjernekapitaldekning er 17,8 % vs. eit krav på 16,0%.

Banken har ved utgangen av 4. kvartal ein kostnadsprosent på 53,9 %. I siste
kvartal er det kostnadsført utgifter knytta til ekstern rådgjeving i samband med
den pågåande fusjonsprosessen; totalt 9,4 MNOK i 2024.

Innskota er stabile og banken har god likviditet. Ved utgangen av 4. kvartal er
innskotsdekninga på 84,3 %. Likviditeten i banken er god, og det er inngått
avtale med Eika Kapitalforvaltning om å styra overskotslikviditeten i banken med
låg risikotoleranse.

Fusjonsprosessen held fram
Fusjonsprosessen pågår fortsatt, men det vil ta noko meir tid enn opprinnelig
forutsatt å framforhandle eit bytteforhold som ivaretar interessene for eigarane
i Tysnes Sparebank og Haugesund Sparebank på ein tilfredsstillande måte.
Reforhandling av bytteforholdet og andre deler av fusjonsavtalen følger dei
avtalte prinsippa i fusjonsavtalen. Partane forventar at gjennomføring av
samanslåinga skjer i løpet av andre eller tredje kvartal 2025.

Dersom det er spørsmål til børsmeldinga eller kvartalsrapporten ta kontakt med

Konstituert banksjef Wenche Vik Thorson, telefon 971 06 247
(wth@tysnes-sparebank.no)
Økonomisjef Karoline Dalen, telefon 975 48 996 (kda@tysnes-sparebank.no)
Styreleiar Bente Raknes, telefon 452 52 954


Tysnes, 14. februar 2025
Wenche Vik Thorson
Konstituert Banksjef


638782_Kvartalsrapport 4 kvartal 2024 Tysnes Sparebank.pdf

Kilde

Tysnes Sparebank

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Tysnes Spb 19/25 FRN, Tysnes Spb 21/26 FRN, Tysnes Spb 22/26 FRN, Tysnes Spb 22/32 ADJ C SUB, Tysnes Spb 23/27 FRN, Tysnes Spb 24/27 FRN, Tysnes Spb 23/PERP ADJ C HYBRID, Tysnes Spb 24/34 ADJ C SUB, Tysnes Spb 25/28 FRN, TYSNES SPAREBANK

ISIN

NO0010871437, NO0010917305, NO0012639592, NO0012706730, NO0012819954, NO0013121186, NO0013091744, NO0013167999, NO0013191684, NO0013374470, NO0013462127, NO0010731615

Ticker

TYSB

Marked

Nordic Alternative Bond Market Euronext Growth