14 Feb 2025 12:23 CET

Utsteder

SpareBank 1 Lom og Skjåk

Den gode veksten fortset i 4. kvartal, og pr 4. kvartal kan vi vise til ein
utlånsvekst siste 12 månadene på 14,9% medrekna lån overført til SpareBank 1
Boligkreditt. PM-veksten siste 12 månadene er 23,5%.

Vi er veldig tilfredse med at vi klarar å oppretthalde ein sterk rentenetto,
noko som skuldast at vi har greidd å finansiere utlånsveksten med god
innskotsdekning. Vi har eit resultat av ordinær drift som er betre enn etter 4.
kvartal i fjor. Vi er glade for å sjå at veksten kjem i dei låge risikoklassene.


Ein mindre sparebank som oss, med stor påverknadskraft i lokalmarknaden, tek
naturleg enkeltkundar og prosjekt som medfører noko forhøgd risiko. Styre og
leiing i banken er innforstått med den posisjonen og risikoen dette medfører. Vi
hadde ein stor auke i kostnadsførte tap i 4. kvartal 2024, og tapa for året
samla sett vart på 37,2 mill. kroner. Landbruk, som utgjer 38% av BM porteføljen
og reiseliv har god utvikling, medan eigedom og eigedomsprosjekt er prega av
noko svakare konjunkturer. Faktiske tap er i hovudsak knytt til lokale
verksemder, og avsetjingar for å møte eventuelle tap er knytt til eit fåtal
lokale verksemder banken har fulgt opp over tid. Endringar i IFRS9 modellen
medførte også auka tapsavsetningar.

Sjølv med relativt store nedskrivingar og tap på utlån vart 2024 det beste året
nokon gong resultatmessig. Resultat etter skatt for 2024 er på 173,6 mill.
kroner. Eigenkapitalavkastninga for 2024 er på 12,17%.
Banken ein klar strategi i å vekse på låg risiko i personkundemarknaden,
spesielt på det sentrale Austlandet med sterke arbeids- og bustadmarknader for å
byggje volum, kompetanse og musklar til å betene kjernemarknaden og bidra til
gode oppvekstvilkår, ferie- og fritidsaktivitetar, og støtte idrett og
foreiningsliv i tillegg til å vera ein motor for arbeidsplassar og lokalt
næringsliv.

Netto finansinntekter for 2024 er 116,0 mill kroner, av dette utgjer gevinst ved
sal av aksjar i Samarbeidende Sparebanker til SpareBank 1 Sogn og Fjordane 25,1
mill. kroner og auke eigenkapital i SpareBank 1 Gruppen ved Eika Forsikring AS
sin inntreden i Fremtind Holding AS 31,1 mill. kroner.


638796_Kvartalsrapport 4-2024.pdf

Kilde

SpareBank 1 Lom og Skjåk

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Spb 1 Lom og Skjaak 21/26 FRN, Spb 1 Lom og Skjaak 22/25 FRN, Spb 1 Lom og Skjak 22/26 FRN, Spb 1 Lom og Skjaak 23/27 FRN, Spb 1 Lom og Skjak 24/29 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/34 ADJ C SUB, Spb 1 Lom og Skjåk 24/28 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/29 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/35 ADJ C SUB

ISIN

NO0010921042, NO0012569443, NO0012692617, NO0013035188, NO0013119214, NO0013254854, NO0013361147, NO0013409177, NO0013431965

Marked

Nordic Alternative Bond Market