11 Feb 2025 12:00 CET

Utsteder

Avinor AS

I januar nytta 3,5 millionar passasjerar Avinor sine lufthamner. Dette er ein
auke på ni prosent samanlikna med januar i 2024. Størst er auken blant
utanlandsreisande der talet på reisande gjekk opp med 13 prosent. Talet på
innanlandsreisande er seks prosent høgare enn i januar i fjor.


-Inngangen på året har vist sterk utvikling, der talet på utanlandsreiser er
hovuddrivaren. Veksten i talet på utanlandsreisande er prega av den sterke auken
i turisme til Noreg som vinterdestinasjon. Noreg stikk seg stadig meir ut som
ein attraktiv destinasjon i den internasjonale konkurransen om vinterturismen,
forklarer Gaute Skallerud Riise.

Christian Lunde i VisitOSLO har óg tal frå Osloregionen som stadfester
utviklinga:-Vi har i 2024 opplevd ei overraskande interesse, og vekst, frå den
internasjonale marknaden. Noreg har blitt sett på kartet gjennom alt frå
nordlysturisme til spannande byar å gjeste. I 2024 har Oslo ein vekst på 15
prosent fleire utanlandske overnattingar, og 40 prosent av all overnatting var
internasjonal. Berre i årets siste månader har den internasjonale veksten vore
høvesvis 28 prosent i oktober, 34 prosent i november og 26 prosent i desember
for Osloregionen samanlikna med 2023.

Vi opplever at vinterturisme til Oslo og Noreg er ein trend som vil forsterke
seg. Fleire direkteruter og eit opplevd «eksotisk» klima er viktige drivkrefter,
i tillegg til høg kvalitet i heile besøksnæringa, seier Christian Lunde,
administrerande direktør i VisitOSLO.

Fullare fly og meire frakt
Det var 47.289 flyrørsler i januar. Det er om lag tre tusen fleire enn i januar
i 20245, og ein auke på seks prosent. På same tid auka talet på passasjerar med
ni prosent. -Dette fører til auka fyllingsgrad på flya, og er positivt for
utnytting av flykapasiteten i den norske marknaden, held Gaute Skallerud Riise
fram.

- I 2024 auka frakt på innkommande langdistanse-passasjerfly med heile 71
prosent. Utviklinga med meir frakt held óg fram i januar. På Oslo lufthamn var
det ein auke på fem prosent i januar, samanlikna med januar i 2024. Ein viktig
drivar for utviklinga det siste året har vore auke i innkomande frakt på
internasjonale passasjerfly. Dette bidreg til betre økonomi for flyselskapa på
Oslo lufthamn, samt betre utnytting av kapasiteten i marknaden, avsluttar Gaute
Skallerud Riise.

Størst vekst for dei mindre
Det er dei regionale lufthamnene (DRL) som hadde størst prosentvis samla vekst i
januar, med ein auke på heile 17 prosent. Dei store lufthamnene (Oslo, Bergen,
Trondheim og Stavanger) auka óg, men for dei er den samla passasjervekst på sju
prosent i januar samanlikna med januar i fjor.

50 prosent meir droneflyging i januar
I januar vart det meldt inn 1456 flygingar med drone i Ninox Drone. –Dette er
ein auke på meir enn 50 prosent samanlikna med januar 2024, seier Mats Gjertsen
som leiar droneprogrammet til Avinor. -Dette er høge tal i ein månad med
generelt lågare droneaktivitet, og er teikn på tydeleg økta bruk av dronar i
Noreg, seier Gjertsen.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs