- Hjem
- Aksjer
- Company Press Releases
- Framleis Vekst I Passasjertrafikken
Framleis vekst i passasjertrafikken
11 Dec 2024 12:00 CET
Utsteder
Avinor AS
4 millionar passasjerar reiste til, frå og over Avinor sine flyplassar i
november. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med november i 2023. Også så
langt i år er auken 5 prosent, samanlikna med same periode i 2023.
Talet på utanlandsreisande aukar framleis mest, med 12 prosent i november.
Hittil år er veksten blant utanlandsreisande heile 9 prosent.
Veksten blant innanlandsreisande er på 2 prosent i november, og 2 prosent hittil
i år.
-Passasjertala i november er prega av ein auke på heile 12 prosent utanlands.
Samtidig er veksten innanlands utelukkande driven av reiser utanlands altså
tilslutningsreiser mellom inn- og utland. Innanlandsmarknaden i seg sjølv er
svakt ned mot november i fjor (-1%). Dette er eit teikn på den aukande interessa
for Noreg som reiselivsdestinasjon, og på at nordmenn held fram med å prioritere
utanlandsreiser i ein tid der mange har ein strammare privatøkonomi, seier Gaute
Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
-Trenden med fullare fly held fram. November er månaden med sterkast vekst i
fyllingsgrad så langt i år, med heile 3,5 prosentpoeng auke frå same månad i
fjor. Dette er ein trend som har gått føre seg over mange år, og som er
betydeleg forsterka dei siste to åra. Trenden er positiv både for utnyttinga av
infrastrukturen, men og i eit utsleppsperspektiv.
Flyrørsler
Det var 49 824 kommersielle flyrørsler i november. Dette er 2 prosent færre enn
i november i fjor. Så langt i år er det 1 prosent færre flyrørsler samanlikna
med same periode i 2023.
Droneflyging aukar
I november vart det meldt inn 1724 flygingar med drone i Ninox Drone. –Dette er
ein auke på 25 prosent samanlikna med november i 2023, seier Mats Gjertsen som
leiar droneprogrammet til Avinor. - Sjølv med meir vêr og kuldeperiodar som
påverkar droneflyging, er dette høge tal som stadfestar trenden med auka
dronebruk i Noreg. I år har det vore meir enn 23.000 flygingar totalt, mot
14.000 flygingar i fjor. Dette er ein auke på 63 prosent.
Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk
More information:
Access the news on Oslo Bors NewsWeb site
Kilde
Avinor AS
Leverandør
Oslo Børs Newspoint
Company Name
Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN
ISIN
NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246
Marked
Oslo Børs