- Hjem
- Aksjer
- Company Press Releases
- Passasjervekst I Oktober, Størst Vekst I Utanlandstrafikken
Passasjervekst i oktober, størst vekst i utanlandstrafikken
12 Nov 2024 14:00 CET
Utsteder
Avinor AS
4,7 millionar passasjerar reiste til og frå Avinor sine flyplassar i oktober.
Dette er ein auke på 4 prosent samanlikna med oktober i 2023. Det er også 4
prosent auke i talet på passasjerar når ein ser på tala hittil i år.
I oktober var det auke blant både innanlands og utanlandsreisande, samanlikna
med oktober i fjor.
Talet på utanlandsreisande aukar framleis mest, med 6 prosent i oktober. Dette
er ein vekst vi har sett lenge. Hittil år er veksten blant utanlandsreisande
heile 8 prosent.
Veksten blant innanlandsreisande er på 3 prosent.
Fullare fly
Den samla trafikkveksten er 1 prosent høgare enn prognosen for oktober, og 1
prosent høgare enn prognosen så langt i år.
-Det var også ein auke blant innlandsreisande i september, og trenden har vore
positiv også gjennom oktober i denne marknaden. Dette gjer at det så langt i år
er ein auke på 2 prosent innanlands, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for
trafikkutvikling i Avinor.
-Veksten er ikkje grunna høgt tilsig av fleire flygingar, men rett og slett
fullare fly. Det gjeld også for utanlandstrafikken. Dette er ein gjennomgåande
trend. også internasjonalt, da det er mangel på flykapasitet i flymarknaden
generelt. Mangelen er særleg driven av forseinka leveransar frå Boeing, og
motorproblem som treff enkelte selskap med Airbus-fly i flåta si. Dette påverkar
tilgjengelegheit og rutetilbodet generelt og særleg ved Oslo lufthamn, som har
ei krevjande utvikling relatert til fleire andre internasjonale knutepunkt.
Flyrørsler
Det var 56 696 kommersielle flyrørsler i oktober. Dette talet er uendra
samanlikna med oktober i fjor. Så langt i år er det 1 prosent færre flyrørsler
samanlikna med same periode i 2023.
Talet på droneflygingar så langt i år er høgare enn for heile fjoråret
I oktober vart det meldt inn 2167 flygingar med drone i Ninox Drone. Dette er
ein auke på 35 prosent samanlikna med 2023. – Sjølv om hausten starta med
dårlegare vér, held den sterke auken i talet på droneflygingar fram, seier Mats
Gjertsen, leiar av droneprogrammet i Avinor.
-Så langt i år er det 5000 fleire flygingar enn i heile 2023, seier Gjertsen.
Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk
More information:
Access the news on Oslo Bors NewsWeb site
Kilde
Avinor AS
Leverandør
Oslo Børs Newspoint
Company Name
Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN
ISIN
NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246
Marked
Oslo Børs