- Hjem
- Aksjer
- Company Press Releases
- God Vekst og Godt Resultat I 3. Kvartal For SpareBank 1 Lom og Skjåk
God vekst og godt resultat i 3. kvartal for SpareBank 1 Lom og Skjåk
08 Nov 2024 11:16 CET
Utsteder
SpareBank 1 Lom og Skjåk
-Vi er godt nøgde med resultatet vi leverar i 3. kvartal 2024, og hittil i år.
Resultatet for 3. kvartal er på 102,4 mill. kroner, og hittil i år 167,9 mill.
kroner, seier administrerande banksjef Unni Strand.
-I tredje kvartal har vi bokført ein gevinst på 25,1 mill. kroner ved sal av
aksjar i Samarbeidende Sparebanker AS til SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Eika
Forsikring AS sin inntreden i Fremtind Holding AS medførte auka eigenkapital i
SpareBank 1 Gruppen, og dette utgjer kr 31,1 mill. kroner av resultatdelen.
Den gode veksten fortset i 3. kvartal, og pr 3. kvartal kan vi vise til ein
utlånsvekst siste 12 månadene på 10,3% medrekna lån overført til SpareBank 1
Boligkreditt. PM-veksten siste 12 månadene er 15,8 %. Vi er glade for å sjå at
veksten kjem i dei låge risikoklassene.
Vi er veldig tilfredse med at vi klarar å oppretthalde ein sterk rentenetto, vi
har låge tap, og eit resultat av ordinær drift som er omtrent på nivå som etter
3. kvartal i fjor. Vi ser ein kostnadsauke, men dette er innafor det vi har
budsjettert med.
Sjå kvartalsrapporten på https://newspoint.no
More information:
Access the news on Oslo Bors NewsWeb site
Kilde
SpareBank 1 Lom og Skjåk
Leverandør
Oslo Børs Newspoint
Company Name
Spb 1 Lom og Skjaak 21/26 FRN, Spb 1 Lom og Skjaak 22/25 FRN, Spb 1 Lom og Skjak 22/26 FRN, Spb 1 Lom og Skjaak 23/27 FRN, Spb 1 Lom og Skjak 24/29 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/34 ADJ C SUB, Spb 1 Lom og Skjåk 24/28 FRN
ISIN
NO0010921042, NO0012569443, NO0012692617, NO0013035188, NO0013119214, NO0013254854, NO0013361147
Marked
Nordic Alternative Bond Market