30 Oct 2024 17:00 CET

Utsteder

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Styret i Sparebank 1 Sogn og Fjordane har handsama rekneskapen for 3. kvartal
2024. SpareBank 1 Sogn og Fjordane gjennomførte namneendring i oktober og
kvartalsrapporten som er pr 30.09. er følgjeleg avlagt under banken sitt gamle
namn Sparebanken Sogn og Fjordane.

Banken har gjennom to børsmeldingar meldt om gevinst ved sal av aksjane i Frende
Holding AS og verdiauke på eigarpost i Samarbeidande Sparebankar. Desse to
hendingane er ei vesentleg forklaring til at banken i dag kan legge fram eit
historisk sterkt resultat på MNOK 431 for 3. kvartal, noko som gjev ein
eigenkapitalavkastning på 24,1 % i kvartalet. Resultat etter skatt hittil i år
er på MNOK 884, noko som gjev ein eigenkapitalavkastning på 16,6 %.

Sjølv om resultatet er løfta av finansielle instrument og eingongshendingar er
det også god utvikling i underliggande lønnsemd. Netto renteinntekter enda på
405 millionar kroner, ein auke på 26 million kroner frå 3. kvartal 2023 og ein
auke på 11 millionar kroner frå førre kvartal. Banken har vekst i utlån til
privatmarknad på 4,6 % siste 12 månadar. Banken har framleis låg vekst i utlån
til bedriftsmarknaden, men ser ein auke i aktivitet og utlån siste kvartal og
vekst siste 12 månadar er no på 2,5 %.

Banken har ein høg kostnadsvekst inneverande år, delvis forklart med
ekstrakostnadar som følgje av skifte til SpareBank 1-alliansen. Banken har
kostnadsført om lag MNOK 39 på konverteringsprosjektet i hittil i år. I tillegg
har banken for tida ein del doble kostnadar elles knytt til at vi er på veg inn
i ny allianse. Banken har også høgt aktivitetsnivå utover dette. Samla har
banken ein kostnadsvekst på 29 % i Q3 2024 samanlikna mot Q3 2023.

Banken har inntektsført netto 5 millionar kroner på tapsavsetningar i kvartalet.

I sum gir dette eit resultat etter skatt på 431 millionar kroner.

Styret har i dag også beslutta å nytte fullmakt frå generalforsamling og betale
ut kr 10 pr EK-bevis i tilleggsutbytte. Konsernet har etter dette rein
kjernekapitaldekning på 17,5 % pr 30.09.2024 og total kapitaldekning på 21,2 %.

Den fullstendige kvartalsrapporten er lagt ved, saman med ein presentasjon av
tala pr. 3. kvartal 2024.

Kontaktpersonar: Trond Teigene, adm. direktør, tlf. 908 25 086
Frode Vasseth, direktør økonomi og finans, tlf. 951 98 452


630775_SSF kvartalsrapport Q3 2024.pdf
630775_SSF investorpresentasjon Q3 2024.pdf

Kilde

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Spb Sogn og Fjordane 15/25 2,45%, Spb Sogn og Fjordane 19/30 FRN C SUB, Spb Sogn og Fjordan 19/PERP FRN C HYBRID, Spb Sogn og Fjordane 20/25 FRN, Spb Sogn og Fjordane 21/27 FRN C, Spb Sogn og Fjordane 21/31 1.91 pct, Spb Sogn og Fjordane 21/28 2.15 pct, Spb Sogn og Fjordan 21/PERP FRN C HYBRID, Spb Sogn og Fjordan 22/PERP FRN C HYBRID, Spb Sogn og Fjordane 23/33 FRN C SUB, Spb Sogn og Fjordane 23/PERP FRN HYBRID, Spb Sogn og Fjordane 23/26 FRN, Spb Sogn og Fjordane 23/27 5,20%, Spb Sogn og Fjordane 23/27 FRN, Spb Sogn og Fjordane 23/29 5,545%, Spb Sogn og Fjordane 24/34 ADJ C SUB, Spb Sogn og Fjordane 24/29 4,96%, Spb Sogn og Fjordan 24/PERP FRN C HYBRID

ISIN

NO0010734858, NO0010852007, NO0010869522, NO0010891880, NO0010917271, NO0010922826, NO0010984180, NO0011084758, NO0012426347, NO0012858549, NO0012940362, NO0012938994, NO0013005322, NO0013042465, NO0013060749, NO0013178673, NO0013197095, NO0013323436

Marked

Nordic Alternative Bond Market