10 Sep 2024 13:10 CEST

Utsteder

Avinor AS

4,7 millionar reisande nytta alle Avinor sine lufthamner i august. Dette er ein
auke på 3 prosent samanlikna med august i fjor. Ein stor del av veksten kjem av
utanlandske turistar til Noreg. Det er persontrafikken utanlands som aukar, med
heile 8 prosent. Innlands persontrafikk gjekk tilbake med 1 prosent samanlikna
med august i fjor.

Trenden held fram
-Vi ventar at auka i utanlandske turistar vil halde fram i åra som kjem. Denne
utviklinga har vi sett ein god stund nå, og våre prognosar viser at denne
utviklinga vil vare ved. Sjølv om tala og inneheld norske reisande til varmare
land, er veksten i hovudsak driven av utanlandske turistar, seier Gaute
Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

Passasjertal og flyrørsler
2 470 278 passasjerar reiste innanlands i august. Dette er 1 prosent færre enn
i august i fjor. Talet på reisande utanlands var 2 259 174, noko som er 8
prosent høgare enn august førre året. Det var 63 888 flyrørsler i august, 4
prosent færre enn i august i fjor.

Talet på bruk av Ninox Drone er dobla på eit år
I august vart det meldt inn 2541 flygingar med drone i Ninox Drone, Avinor sitt
system for handtering av dronar. – Vi ser eit stadig aukande tal droneflygingar,
seier Mats Gjertsen som leiar droneprogrammet til Avinor. - No har vi passert
12.000 registrerte brukarar i Ninox Drone, noko som er ein dobling på eit år.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Oslo Børs