16 Aug 2024 08:00 CEST

Historisk godt resultat
Det andre kvartalet i 2024 oppnår banken eit historisk godt kvartalsresultat på
31,5 mill. kroner før skatt. På same tid i 2023 var resultatet 23,7 mill. kroner
– framgongen er på heile 33 %.

Innskot frå kundar i regionen har god auke, og utgjer ved halvårsskiftet om lag
88 % av utlånsvolumet i banken.

«Det er veldig kjekt å kunna leggja fram rekordtal no når vi er på oppløpssida i
samband med fusjonen med Haugesund Sparebank. Vi har stort fokus på å
oppretthalde god drift samstundes som banken arbeider med samanslåingsprosessen»
uttaler banksjef Dag Sandstå.

Kostnadsprosenten i banken er ved halvårsskiftet 38,4 % (på same tid i 2023 var
den 50,7 %).

Framleis utfordrande tider
Sunnhordlandsregionen går godt til tross for den dyrtida vi er inne i.
Arbeidsløysa er låg, og verksemdene i regionen har etter tilhøva klart seg
rimeleg godt så langt. Som lokalbank er det viktig å vera ein samarbeidspartner
i gode og dårlege tider overfor alle kundar.

«Vi har som mål å væra lokalbanken som kjenner kundane og deira behov godt. Det
gjer at banken som oftast finn løysingar saman med kunden når utfordringar
oppstår. Difor er våre medarbeidarar som brenn for sine lokalsamfunn og har den
lokale innsikten avgjerande for at banken lukkast så godt som vi gjer no» seier
banksjefen.

Fusjon med Haugesund Sparebank
Finanstilsynet har gjeve grønt lys for samanslåinga med Haugesund Sparebank, og
etablering av Sparebankstiftelsen Tysnes. Målet er at bankane juridisk vert ein
bank i god tid før nyttår. Banksjefen i Tysnes Sparebank er vald som styreleiar
i stiftinga. Stiftinga vil etter planen verta formalisert i løpet av september
månad.

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag
Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

Tysnes, 15. august 2024

Dag Sandstå
Banksjef


625406_Kvartalsrapport 2 kvartal 2024 Tysnes Sparebank.pdf

Kilde

Tysnes Sparebank

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Tysnes Spb 19/25 FRN, Tysnes Spb 20/24 FRN, Tysnes Spb 21/26 FRN, Tysnes Spb 21/25 FRN, Tysnes Spb 21/24 FRN, Tysnes Spb 22/26 FRN, Tysnes Spb 22/32 ADJ C SUB, Tysnes Spb 23/27 FRN, Tysnes Spb 24/27 FRN, Tysnes Spb 23/PERP ADJ C HYBRID, Tysnes Spb 24/34 ADJ C SUB, TYSNES SPAREBANK

ISIN

NO0010871437, NO0010891633, NO0010917305, NO0010917321, NO0011035545, NO0012639592, NO0012706730, NO0012819954, NO0013121186, NO0013091744, NO0013167999, NO0013191684, NO0010731615

Ticker

TYSB

Marked

Nordic Alternative Bond Market Euronext Growth