15 Aug 2024 15:55 CEST

-Vi er særs nøgde med resultatet vi leverar etter fyrste halvår 2024. Vi ser nå
at vi har god effekt av satsinga vår på eit styrka rådgjevarkorps, satsinga ved
Oslokontoret og samarbeidsavtalen med Den Norske Turistforening. Veksten i
personmarknaden er dei siste 12 månader på 10,4%, der all vekst har kome det
siste halvåret, seier administerande banksjef Unni Strand.
-Utlånsvekst totalt dei siste 12 månadene er på 8,25%, og all utlånsvekst har
kome i dei lågaste risikoklassene. Det er også gledeleg at utlånsveksten ikkje
går på bekostning av rentenettoen som viser ei fin auke i fyrste halvår. Sjølv
om vi også har ein auke i kostnadene, er dette innanfor det vi har budsjettert
med.
Banken har eit totalresultat etter 1. halvår på 65,2 mill. kroner, mot 59,4
mill. kroner på same tid i fjor. Resultatauken kjem i stor grad frå auke i
rentenetto og auke i inntektene frå finansielle postar.



Sjå vedlegg på https://newspoint.no


625365_1_halvår_2024.pdf

Kilde

SpareBank 1 Lom og Skjåk

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Spb 1 Lom og Skjåk 20/25 FRN, Spb 1 Lom og Skjaak 21/26 FRN, Spb 1 Lom og Skjaak 22/25 FRN, Spb 1 Lom og Skjak 22/26 FRN, Spb 1 Lom og Skjaak 23/27 FRN, Spb 1 Lom og Skjak 24/29 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 24/34 ADJ C SUB

ISIN

NO0010877574, NO0010921042, NO0012569443, NO0012692617, NO0013035188, NO0013119214, NO0013254854

Marked

Nordic Alternative Bond Market