12 Aug 2024 11:00 CEST

Utsteder

Avinor AS

4,9 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i juli. Dette er ein auke på
3 prosent samanlikna med juli i fjor. Ein stor del av veksten kjem av
utanlandske turistar til Noreg. Det samla talet på flygingar er tilnærma uendra
samanlikna med fjoråret.

Det er utanlandsdelen av persontrafikken som aukar, med heile 7 prosent.
Innlands persontrafikk gjekk tilbake med 1 prosent samanlikna med juli i fjor. –
Juli-trafikken på utland har vore sterkare enn det vi forventa ved inngangen til
sommaren. Det er tydeleg at både nordmenn som søkjer varmare strok og
utanlandske turistar som søkjer “kjølegare opplevingar”, har gitt god vekst,
seier direktør for trafikkutvikling i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

– Sjølv om vêrsjuke nordmenn utgjer ein del av veksten, ser det ut til at
veksten i enda større grad er driven av utanlandske turistar. Det er ein trend
vi reknar med vil halde fram i åra som kjem, seier Riise. Riise forklarar at
nedgangen blant innanlands reisande i stor grad skuldast ein reduksjon i talet
på flygingar, som igjen har ført til eit mindre tilbod i marknaden. – Dette har
vore ei utvikling som har gått over fleire månader, der innanlandsmarknaden har
hatt ei svak utvikling sett opp mot fjoråret, men det positive ved dette er at
flya som flyg er fullare enn før, held Riise fram.

Passasjertal og flyrørsler
2 242 188 passasjerar reiste innanlands i juli. Dette er 1 prosent færre enn i
juli i fjor. Talet på reisande utanlands var 2 696 625, noko som er 7 prosent
høgare enn juli førre året. Det var 62 092 flyrørsler i juli. Dette er meir
eller mindre likt som i fjor, med ein endring på 0 prosent.

Høgsesong for droneflyging
Trafikktala for denne månaden var lågare enn tidlegare månader i år, men dobla
seg samanlikna med 2023. I juli vart det meldt inn 2208 flygingar med drone i
Ninox Drone - Avinor sitt system for handtering av dronar. – Dette er ei dobling
i talet på droneflygingar frå juli 2023. Sommaren er høgsesong for droneflyging,
noko vi ser av desse tala, seier Mats Gjertsen, som leiar droneprogrammet til
Avinor.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs