10 Jul 2024 11:55 CEST

Utsteder

Avinor AS

4,8 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i juni. Dette er ein auke på
2 prosent samanlikna med juni i fjor. Det er utanlandstrafikken som aukar, med
heile 9 prosent. Innlandstrafikken gjekk derimot tilbake med 3 prosent
samanlikna med juni i fjor.

Passasjertal og flyrørsler
2 643 547 passasjerar reiste innanlands i juni, dette er 3 prosent lågare enn i
juni i fjor. Talet på reisande utanlands var 2 178 745, noko som er 9 prosent
høgare enn juni førre året.

Det var 64 774 flyrørsler i juni. Dette er ein reduksjon på 6 prosent
samanlikna med juni i fjor.

Droneflyging aukar når det blir varmare i veret
I juni vart det meldt inn 2727 flygingar med drone i Ninox Drone - Avinor sitt
system for handtering av dronar. – Dette er ein stor auke frå 2023, då vi
hadde 1889 flygingar, seier Mats Gjertsen, leiar av Avinor sitt droneprogram. -
Med sumar og fint vêr gir aukar talet på droneflygingar. Vi ventar framleis
ytterlegare auke framover.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs