24 Apr 2024 13:07 CEST

Resultatet for Eviny i 2023 vart 3,8 milliardar kroner, som er 2,4 milliardar
høgare enn i 2022. Styret i Eviny innstiller på 1,3 milliardar kroner i utbytte
til eigarane: 17 kommunar på Vestlandet, Statkraft og to lokale kraftlag.

Innstillinga frå styret skal behandlast på generalforsamlinga 21. mai. Samla
sett bidrog Eviny med 5,2 milliardar kroner til samfunnet i 2023 i form av
skattar, avgifter og avsett utbytte til eigarane.

– Vi leverer eit solid resultat og er godt rigga for det store
samfunnsoppdraget vi har framfor oss. Meir fornybar energi og auka kapasitet i
straumnettet er avgjerande for å sikra lokale arbeidsplassar på Vestlandet.
Overskotet vårt går i hovudsak tilbake til eigarkommunane våre, der det kjem
fellesskapet til gode, seier Ragnhild Janbu Fresvik, konsernsjef i Eviny.

Vil investera over 40 milliardar kroner på ti år
Eviny har nyleg lansert ein ny konsernstrategi, som markerer eit taktskifte i
jakta på meir fornybar energi. Dei neste ti åra skal Eviny investera om lag like
store verdiar som er bygd opp over 100 år. Ambisjonen er å investera i overkant
av 40 milliardar kroner i ny fornybar energi, straumnett og tiltak for
energiomstilling/elektrifisering. Noko av dette kan skje i samarbeid med andre.

– Investeringane i fornybar energi i Noreg er på det lågaste sidan 2010 og har
falle med nesten 40 prosent sidan 2018. Vi står overfor eit avgjerande tiår for
å omstilla energisystemet vårt og unngå ei norsk kraftkrise, seier Fresvik.

80 000 drakter til barn og unge
Samfunnsoppdraget til Eviny handlar også om å støtta positive tiltak i
lokalmiljøa. Eit døme er 6000 barn og unge på Vestlandet som har fått nye
drakter frå Eviny i år. Til saman har Eviny delt ut nærmare 80 000 drakter.
– Det er viktig for oss å gi tilbake til lokalsamfunna vi er ein del av.
Idrettslaga gjer ein fantastisk innsats, og vi er stolte over å støtta dette
arbeidet med utdeling av gratis draktsett, seier Fresvik.

Lågare kraftprisar
Hovudårsaka til den store veksten i resultatet frå 2022 til 2023 er redusert
grunnrenteskatt som følgje av lågare kraftprisar i 2023, i tillegg til positive
verdiendringar på finansielle kontraktar.

Underliggande resultat, som er justert for verdiendringar på sikringskontraktar
og vesentlege eingongseffektar, vart 2,0 milliardar kroner for 2023. Det er 0,9
milliardar lågare enn i 2022. Hovudårsaka er fall i kraftprisane. Områdeprisen i
Vest-Norge (NO5) var 67 euro/MWh i 2023 mot 192 euro/MWh året før.

Eviny produserte 6,9 TWh vasskraft i 2023, som er 0,8 TWh mindre enn i 2022.
Faktisk produksjon i 2023 var nok til å dekkja det årlege straumforbruket i om
lag 430 000 bustadar.

Sjå vedlegg for 1) Årsrapport 2023 og 2) Tabell for utbytte fordelt på eigarane.


Kontaktpersonar:
Ragnhild Janbu Fresvik, konsernsjef i Eviny, tlf. 959 28 038
Rolf Sanne-Gundersen, kommunikasjonsrådgivar i Eviny, tlf. 970 55 208


616637_Eviny integrert årsrapport 2023.pdf
616637_Utbytte frå Eviny for 2023.pdf

Kilde

Eviny AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

BKK AS 17/24 FRN, BKK AS 20/26 FRN, BKK AS 20/27 FRN, BKK AS 19/24 2,10%, BKK AS 20/25 FRN, BKK AS 21/27 1.85 pct, BKK AS 21/26 FRN, Eviny AS 23/28 FRN, Eviny AS 23/31 5,08%, Eviny AS 23/28 5,13%

ISIN

NO0010794266, NO0010872948, NO0010873003, NO0010861461, NO0010901838, NO0011073181, NO0011073819, NO0013004572, NO0013062273, NO0013060715

Marked

Euronext Oslo Børs Nordic Alternative Bond Market