22 Feb 2024 16:30 CET

Bergen kommune fekk eit positivt netto driftsresultat på 171 millionar kroner i
2023. Det viser den førebelse rekneskapen.

Driftsresultatet utgjer 0,6 prosent av driftsinntektene. I sum er dette 38
millionar kroner lågare enn det budsjetterte driftsresultatet på 208 millionar
kroner.

Skatteinntektene vart 63 millionar kroner høgare enn det som låg til grunn i
justert budsjett per 2. tertial. Inntektene frå skatt er likevel 5,4 prosent
lågare enn i 2022. Saman med auka rammetilskot, høgare statstilskot knytt til
flyktningar frå Ukraina og auka renteinntekter blei dei sentrale meirinntektene
til kommunen på om lag 200 millionar kroner.

– Eg er glad for eit positivt driftsresultat, men tala er òg langt frå kommunens
mål om eit resultat på 1,7 prosent av driftsinntektene. Vi ser no ein sterk
utgiftsvekst i fleire viktige tenester. Veksten i til dømes tenester til eldre
er venta å auke ytterlegare i åra som kjem. For å handtere dette i framtida er
byrådet godt i gang i arbeidet med å gjennomgå oppgåvene til kommunen og få på
plass eit prosjekt som skal få ned sjukefråværet, seier finansbyråd Eivind
Nævdal-Bolstad.

Samla har tenesteområda eit meirforbruk på 239 millionar kroner. Kommunen
opplever sterk vekst i etterspurnaden etter fleire tenester. Særleg gjeld dette
tenester til funksjonshemma, spesialpedagogiske tenester, sosialhjelp og
tenester til rusavhengige og bustadsløse.

Arbeidet med å busette flyktningar frå Ukraina har dobla utgiftene til
introduksjons- og tolketenestene. Desse utgiftene er fullt finansierte gjennom
tilskot frå staten.

Bergen kommune gjennomførte ikkje-avgiftsfinansierte investeringar for 2,6
milliardar kroner i 2023. Det er om lag på same nivå som justert budsjett. Dei
avgiftsfinansierte investeringane var på 763 millionar kroner i 2023. Det er òg
på om lag same nivå som justert budsjett.

Bergen kommune gjer merksam på at rekneskapen er førebels sidan han ikkje er
revidert. Utfyllande detaljar om økonomien til ulike tenesteområda vert kjente
når årsmeldinga vert offentleg etter påske.


611662_Presentasjon Årsregnskap Bergen kommune 2023.pdf

Kilde

Bergen Kommune

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Bergen komm 19/24 FRN, Bergen komm 22/25 FRN, Bergen komm 22/24 FRN, Bergen komm 22/26 FRN, Bergen komm 22/27 3.68pct, Bergen komm 23/28 3,52pct, Bergen komm 23/25 3,699%, Bergen komm 23/25 FRN, Bergen komm 23/25 4,77%, Bergen komm 23/26 4,685%

ISIN

NO0010849284, NO0012436288, NO0012459975, NO0012513540, NO0012517574, NO0012550138, NO0012550146, NO0012781907, NO0012816844, NO0012877374, NO0012947458, NO0013066910, NO0013073627

Marked

Euronext Oslo Børs