11 Jan 2024 09:55 CET

Utsteder

Avinor AS

I 2023 reiste 49 millionar passasjerar til og frå Avinor sine lufthamner. Dette
er ein auke på 10 prosent samanlikna med 2022. Samstundes er talet på
passasjerar 10 prosent under nivået i 2019, som var det siste normalåret før
pandemien.

Eitt område utmerker seg særskilt når vi oppsummerer aktiviteten i 2023. Talet
på utanlandspassasjerar aukar markant, og er 17 prosent høgare i 2023 enn i
2022. Talet på innanlandsreisande har vokse mindre frå 2022 til 2023, med ein
auke på 5 prosent.

Flyrørsler på same nivå som i 2022
I heile 2023 har det vore 624 421 kommersielle flyrørsler til og frå Avinor sine
flyplassar. I dette ligg det ei auke på 1 prosent samanlikna med 2022. Om ein
samanliknar 2023 med 2019, er det nedgang på 8 prosent flyrørsler.

Turisme er ein viktig drivar
Marknaden til og frå utlandet har vore ein viktig drivar for utviklinga gjennom
2023, og indirekte for marknaden innanlands, seier Abraham Foss, konsernsjef i
Avinor.

-Talet på besøkande til Noreg har auka gjennom året, og er no tilbake på nivået
vi såg før pandemien. Turisme er den viktigaste drivaren,, og det er venta at
Noreg vil vere ein attraktiv marknad for utanlandske ferierande også framover.

Talet på innanlandsreisande i Noreg vaks ikkje like mykje, og det er venta ei
betydeleg svakare vekst her enn vi ventar frå utlandet.

Den veksten som er venta, vil i stor grad kome av at fleire turistar reiser
innanlands i Noreg. Fleire turistar har fått opp auga for Noreg, for
naturopplevingar som nordlyset og Noreg som vinterdestinasjon. Samstundes er
Noreg eit stabilt land, som ikkje er prega av overturisme, og som har god
infrastruktur mellom byene. Det er nok også eit poeng at den norska krona er
svak samanlikna med dollar og Euro, seier Foss, og held fram: -For at Noreg sine
ambisjonar om utvikling av reiselivet skal realiserast, er vi heilt avhengige av
at rutetilbodet stadig blir utvikla. Avinor legg stor vekt på dette arbeidet,
gjennom dialog med reiseliv og flyselskap nasjonalt og internasjonalt.

Når det gjeld nordmenn sine reiser til utlandet, ligg dette talet om lag 13%
under nivået i 2019.

“Dei fire store” - Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger
Dei fire største lufthamnene har alle ein auke i passasjertala i 2023 samanlikna
med 2022. Med 25 millionar passasjerar, har Oslo lufthamn ein auke på 12
prosent. Bergen lufthamn hadde 6,3 millionar reisande i 2023, ein auke på 6
prosent samanlikna med 2022.

Alle lufthamnene har lågare passasjertal enn i 2019, som var siste normalår før
pandemien. Til dømes var det 28 millionar reisande på Oslo lufthamn i 2019.
Passasjertala var med dette 12 prosent lågare i 2023 enn i 2019 på
hovudflyplassen.

Bergen lufthamn Flesland er den av dei fire store som var nærast 2019-nivå; 6,3
millionar reiste til og frå Bergen lufthamn i 2023, medan talet var 6,4
millionar i 2019. Det vil si at passasjertala er 1 prosent lågare enn i 2019.

Trafikktal i desember
Det var 43 927 kommersielle flyrørsler i desember 2023, 7 prosent færre enn i
desember 2022. Passasjertala i desember er også 2 prosent høgare enn i desember
i 2022. Om ein ser på desember 2023 mot desember 2019, har det vore 9 prosent
færre reisande.

Droneflyging
I desember vart det meldt inn 786 flygingar med drone i Ninox Drone, Avinor sitt
system for handtering av dronar. –Dette er ein auke på 80 prosent samanlikna
med desember 2022, seier Mats Gjertsen som leiar droneprogrammet til Avinor.

Det har vore ei dobling av talet på innmelde droneflygningar i 2023 samanlikna
med 2022. Totalt i 2023 er 15.000 flygingar meld inn. Dette er sterke tall, og
synar ein auke i bruken av drone i Noreg, seier Mats Gjertsen.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs