11 Dec 2023 11:55 CET

Utsteder

Avinor AS

3,7 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i november. Det er ein
auke på 3 prosent frå fjoråret og 9 prosent færre enn i førre normalår, 2019.

– Det er utanlandsreisande som driv utviklinga med ein auke på 6 prosent, medan
innanlandstrafikken har hatt ei svak utvikling gjennom året og har auka med 1
prosent mot 2022, seier Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i
Avinor. – For utanlandsmarknaden er det store skilnader mellom flyplassane, kor
Tromsø for tida trekker mykje merksemd internasjonalt og har hatt ei sterk
utvikling inn i vintersesongen. Det er knytt til ei stor interesse blant
turistar for nordlys og den arktiske opplevinga – det har ført til fleire
direkteruter til Tromsø denne vinteren. I november er talet på utanlandsreisande
ved flyplassen om lag det dobbelte samanlikna med same månad i 2019, fortsett
Riise.

Talet på flyrørsler er 5 prosent lågare enn i november 2022, og 11 prosent
lågare enn i november 2019.– Talet på flyrørsler gjekk ned med 5 prosent, drive
av nedgangen på 7 prosent i innlandstrafikken. Flyselskapa har redusert talet på
flygingar i takt med ein svakare marknad. Samstundes opererer ikkje flyselskapet
Flyr lenger i marknaden. Resultatet er at innanlandsmarknaden dei siste månadene
har vore prega av den høgaste fyllingsgraden på lenge, talet på passasjerar
fordelt på talet på tilgjengelege seter, avsluttar Riise.

Passasjertal
2 429 918 passasjerar reiste innanlands i november. Det er 1 prosent fleire enn
i same månad i fjor, og 6 prosent færre enn i november 2019.

Med 1 313 779 utanlandsreisande i november, auka trafikken til og frå utlandet
med 6 prosent i november 2023 samanlikna med november 2022. Det er framleis 15
prosent færre enn same månad i 2019.

Hittil i 2023 har 18 prosent fleire enn i 2022 reist til eller frå utlandet over
Avinors lufthamner.

Flyrørsler
Det var 50 655 kommersielle flyrørsler i november. Det er 5 prosent færre enn i
november førre året. Samanlikna med november 2019 var det 11 prosent færre
flyrørsler i november i 2023.

Hittil i år samanlikna med 2019
Det har vore 10 prosent færre passasjerar i år samanlikna med same periode i
2019. Talet på flyrørsler så langt i år ligg 8 prosent bak 2019-tala.

100 prosent auke i droneflygingar
I november vart det meldt inn 1393 flygingar med drone i Ninox Drone - Avinor
sitt system for handtering av dronar.
–Dette er ein auke på heile 62 prosent samanlikna med november 2022, seier Axel
Knutsen som leiar droneprogrammet til Avinor. –Så langt i år er auken 100
prosent sett mot fjoråret. Det er sterke tall, spesielt med tanke på at det har
vore mykje vær, haust og vinter i store deler av landet.


Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

AVINOR10, AVINOR12, AVINOR13

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs