-
Markeder
-
Aksjer
Sustainable finance2025 Euronext ESG Trends ReportLes merA data-driven snapshot of how Euronext-listed companies are advancing their Environmental, Social and Governance (ESG) practices.
-
Indekser
Access the white paperInvesting in the future of Europe with innovative indicesLes merThe first edition of the Euronext Index Outlook series with a particular focus on the European Strategic Autonomy Index.
-
ETF-er
The European market place for ETFsEuronext ETF EuropeLes merInvestors benefit from a centralised market place that will not only bring transparency but also better pricing due to the grouping of liquidity.
- Fond
-
Obligasjoner
European Defence BondsGroupe BPCE lists the first bondLes merFirst financial institution in Europe to issue a bond dedicated to the defence sector
- Strukturerte produkter
-
Derivater
Where European Government Bonds Meet the FutureFixed Income derivativesLes merTrade mini bond futures on main European government bonds
-
Råvarer
- Oversikt
- Quotes snapshot
- Power Derivatives
- Milling Wheat derivatives
- Corn derivatives
- Spread contracts
- Rapeseed derivatives
- Durum Wheat derivatives
- Salmon derivatives
- Levering og oppgjør
- Spesifikasjoner og ordninger
- Commitments of Traders (CoT) report
- Commodity brokers
Building a sustainable and liquid power derivatives market.Euronext Nord Pool Power FuturesLes merEuronext and Nord Pool, the European power exchange, announced the launch of a dedicated Nordic and Baltic power futures market.
-
Ressurser
Designed to help students navigate the complexities of financial marketsEuronext Trading gameLes merJoin the Euronext Trading Game and step into capital markets. Learn from today’s leaders, explore sustainable opportunities, and trade with confidence.
Passasjertala for oktober – nær jamt med fjoråret
10 Nov 2023 12:00 CET
Utsteder
Avinor AS
4,5 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i oktober. Det er
tilnærma jamt med fjoråret med ein auke på 1,5 prosent. Det er framleis 8
prosent færre enn i normalåret 2019.
–Passasjertala for oktober landa 1,5 prosent over fjoråret, der
innanlandstrafikk gjekk svakt ned medan utanlandstrafikken dreiv utviklinga med
ein auke på 5 prosent mot 2022. Innanlandstrafikken er framleis prega av lågare
kapasitet enn fjoråret då Flyr også opererte innanriks i Noreg, fortel Gaute
Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.
Talet på flyrørsler er 3 prosent lågare enn i oktober 2022, og 9 prosent lågare
enn i oktober 2019.
–Utanlandstrafikken er prega av store skilnader mellom landa. Trafikken til
Spania går noko ned frå fjoråret, men ligg framleis 7 prosent over 2019-nivå,
noko som gjer landet til det største destinasjonslandet for Avinor. Italia,
Hellas, Tyskland og Polen viser også god vekst. På den andre sida har trafikken
til nabolanda våre, Sverige og Danmark, falle kraftig samanlikna med 2019, og er
i oktober ned respektive 21 og 12 prosent, held Riise fram.
–Vi ser også at talet på reisande som ikkje er busett i Norge no er tilbake på
same nivået som før pandemien, sjølv om den asiatiske marknaden framleis ligg
langt bak. Dette er ei utvikling som er svært positiv for reiselivet i Noreg, og
ei utvikling vi forventar at vil forsterke seg videre framover. Ei svak norsk
krone er sjølvsagt positiv for denne eksportmarknaden, men uavhengig av den
forventar vi ei positiv utvikling innan dette segmentet, avsluttar Riise.
Passasjertal
2 674 198 passasjerar reiste innanlands i oktober. Det er 1 prosent færre enn
same månad i fjor, og 8 prosent færre innanlandsreisande enn i oktober 2019. Med
1 816 374 utanlandsreisande i oktober, auka trafikken til og frå utlandet med 5
prosent i oktober 2023 samanlikna med oktober 2022. Det er framleis 9 prosent
færre enn same månad i 2019.
Flyrørsler
Det var 56 535 kommersielle flyrørsler i oktober. Det er 3 prosent færre enn i
oktober førre året. Samanlikna med oktober 2019 var det 9 prosent færre
flyrørsler i oktober i 2023.
Hittil i år samanlikna med 2019
Det har vore 10 prosent færre passasjerar i år samanlikna med same periode i
2019. Talet på flyrørsler så langt i år ligg 9 prosent bak 2019.
Auke i droneflygingar trass meir vêr
I oktober vart 1597 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone - Avinor sitt
system for handtering av dronar.
–Dette er ein auke på heile 84 prosent samanlikna med oktober 2022 seier Axel
Knutsen, leiar av droneprogrammet til Avinor.
–Så langt i år er auken 105 prosent sett mot fjoråret. Det er sterke tal, særleg
med tanke på at vi no har mykje vêr, haust og vinter i store delar av landet.
Men vi trur framleis det vil være betydeleg aktivitet ut året, men ventar at
dette flater ut dei siste månadene i år.
På www.avinor.no/droner finnast reglar for droneflyging.
Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk
More information:
Access the news on Oslo Bors NewsWeb site
Kilde
Avinor AS
Leverandør
Oslo Børs Newspoint
Company Name
Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN
ISIN
NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246
Marked
Euronext Oslo Børs