12 Sep 2023 12:00 CEST

Utsteder

Avinor AS

4,6 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i august. Dette er 3
prosent fleire enn i august i fjor, men 6 prosent færre enn same månad i
normalåret 2019.

-August er prega av god auke i etterspurnaden etter utanlandsreiser, sett mot
august i fjor. Reiselysta har for utenlandsreisar hatt ei god utvikling gjennom
året, medan innanlandsmarknaden har utvikla seg svakare, seier trafikkdirektør
i Avinor, Gaute Skallerud Riise

-Sjølv om marknaden veks samanlikna med fjoråret, er vi framleis eit godt stykke
bak nivåa vi såg i 2019. Det økonomiske og geo-politiske verdsbiletet har ein
effekt på trafikktala, og utviklinga framover er venta å være prega av dette. I
vår siste prognose vurderer vi at vi først vil sjå 2019-nivåer i 2027-28, mot
tidlegare venta kring 2024-25.

-Her vil det være store skilnader mellom ulike marknader og flyselskap. Det er
og knyta stor usikkerheit til prognosane da endra forutsetningar, som renta og
krigen i Ukraina, kan gje store utslag, seier Riise.

Passasjertal
2 505 509 passasjerar reiste innanlands i august. Dette er 2 prosent færre enn i
august 2022 og 5 prosent færre enn i august 2019. Trafikken utanlands, med 2 089
452 passasjerar, har auka med 8 prosent samanlikna med i fjor, men er framleis 8
prosent lågare enn i august 2019.

-Våre undersøkingar viser også at tilreisande turistar til Noreg frå utlandet
har vore ein viktig drivar for utviklinga både for innanlands- og
utanlandstrafikken i sommar. Dette er gledeleg for det store antallet bedrifter
og tilsette som er avhengige av nettopp denne kundegruppa, seier Riise.

Flyrørsler
Det var 66 288 kommersielle flyrørsler i august. Dette er 3 prosent færre enn i
august i fjor. Om ein samanliknar med august i 2019, har det vore ein nedgang i
talet på flyrørsler på 5 prosent.

Hittil i år samanlikna med 2019
Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019,
ser ein at vi no ligg 10 prosent bak 2019. Talet på flyrørsler så langt i år er
7 prosent bak 2019.

Framleis auke i flyging med dronar
I august vart 1814 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone, Avinor sitt
system for handtering av dronar. Dette er ein auke på heile 164 prosent
samanlikna med august i 2022 seier Axel Knutsen, leiar av droneprogrammet til
Avinor.

-Så langt i år er auken 115 prosent sett mot fjoråret. Dette er høge tal, med
tanke på det dårlege været som prega landet i starten av månaden. Det er diverre
framleis mange som ikkje kan reglane for droneflyging. Dette gjer at ein del
flygingar er ulovlege, og kan vere til stor fare for andre i luftrommet. Hittil
i år har Avinor registrert meir enn 1000 ulovlege flygingar i forbodsområda
rundt lufthamnene. Vi oppmodar alle til å setje seg inn i reglane før dei flyr.
På www.avinor.no/droner kjem dei tydeleg fram, seier Knutsen.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs