15 Aug 2023 13:17 CEST

Eit sterkt fyrste halvår i SpareBank 1 Lom og Skjåk Fjellbanken.

-Vi er godt nøgde med resultatet etter fyrste halvåret 2023. Underliggande drift
er god, og rentenettoen styrkar seg framleis. Siste 12 månader har vi ein
utlånsvekst på 4,23%.

Vi har hatt liten vekst i utlåna i det fyrste halvåret av 2023. Mykje av dette
skuldast kapasitetsutfordringar i personmarknadsavdelinga, ei avdeling vi er er
ferd med å få styrka nå, seier administrerande banksjef Unni Strand.
Banken har ein resultatauke i underliggande bankdrift på om lag 18,9 mnok sidan
same periode i fjor.

Totalresultatet viser ein auke 32,3 mnok sidan 1. halvår 2022. Auken kjem i stor
grad frå auken i netto renteinntekter og frå netto verdiendringar på finansielle
instrument, medan driftskostnadene viser viser ein auke på 8,2 mnok. Det er
attendeført 0,8 mnok i tidlegare tapsavsetningar.


596895_2023.06.30 kvartalsrapport (1).pdf

Kilde

SpareBank 1 Lom og Skjåk

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Spb 1 Lom og Skjåk 19/24 FRN, Spb 1 Lom og Skjåk 20/25 FRN, Spb 1 Lom og Skjaak 21/26 FRN, Spb 1 Lom og Skjak 21/24 FRN, Spb 1 Lom og Skjaak 22/25 FRN, Spb 1 Lom og Skjak 22/26 FRN

ISIN

NO0010852619, NO0010877574, NO0010921042, NO0011123440, NO0012569443, NO0012692617

Marked

Nordic Alternative Bond Market