-
Markeder
-
Aksjer
Sustainable finance2025 Euronext ESG Trends ReportLes merA data-driven snapshot of how Euronext-listed companies are advancing their Environmental, Social and Governance (ESG) practices.
-
Indekser
Access the white paperInvesting in the future of Europe with innovative indicesLes merThe first edition of the Euronext Index Outlook series with a particular focus on the European Strategic Autonomy Index.
-
ETF-er
The European market place for ETFsEuronext ETF EuropeLes merInvestors benefit from a centralised market place that will not only bring transparency but also better pricing due to the grouping of liquidity.
- Fond
-
Obligasjoner
European Defence BondsGroupe BPCE lists the first bondLes merFirst financial institution in Europe to issue a bond dedicated to the defence sector
- Strukturerte produkter
-
Derivater
Where European Government Bonds Meet the FutureFixed Income derivativesLes merTrade mini bond futures on main European government bonds
-
Råvarer
- Oversikt
- Agricultural quotes
- Power Derivatives
- Milling Wheat derivatives
- Corn derivatives
- Spread contracts
- Rapeseed derivatives
- Durum Wheat derivatives
- Salmon derivatives
- Levering og oppgjør
- Spesifikasjoner og ordninger
- Commitments of Traders (CoT) report
- Commodity brokers
Building a sustainable and liquid power derivatives market.Euronext Nord Pool Power FuturesLes merEuronext and Nord Pool, the European power exchange, announced the launch of a dedicated Nordic and Baltic power futures market.
-
Ressurser
Designed to help students navigate the complexities of financial marketsEuronext Trading gameLes merJoin the Euronext Trading Game and step into capital markets. Learn from today’s leaders, explore sustainable opportunities, and trade with confidence.
Sommarutfarten: Fleire reiste i år enn i fjor
11 Aug 2023 13:55 CEST
Utsteder
Avinor AS
4,8 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i juli. Dette er 15
prosent fleire enn i juli i fjor, men 5 prosent færre enn same månad i
normalåret 2019.
– Vi har hatt litt fleire reisande i juli enn i juni, og juli går dermed inn som
månaden med flest reisande i år, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud
Riise. – Kombinasjonen av jobb- og feriereiser gjer at juni som oftast er
månaden med mest trafikk, men i år ser vi at juli har litt høgare volum. Juli er
i langt større grad prega av ferietrafikk, og samanlikna med juni har
innanlandsreiser gått litt ned, medan utanlandsreiser har gått opp. – At juli i
år er månaden med høgast trafikk, til skilnad frå 2019, kan nok kome av at
ferie- og fritidsreiser har henta seg inn att mykje sterkare enn arbeidsreiser,
og då kjem toppen i juli framfor i juni, seier Riise.
Passasjertal
2 268 000 passasjerar reiste innanlands i juli. Dette er 17 prosent fleire enn i
juli 2022. Trafikken utanlands, med 2 528 342 passasjerar, har auka med 14
prosent samanlikna med i fjor, men er framleis 8 prosent lågare enn i juli 2019.
– Det er ein markant auke i antal reisande samanlikna med i fjor, både
innanlands og utanlands. Årsaka kan nok i stor grad forklarast av streikane i
luftfarten her i landet og utfordringane på flyplassane i Europa i fjor sommar,
seier Riise.
Flyrørsler
Det var 62 027 kommersielle flyrørsler i juli 2023. Dette er 4 prosent fleire
enn i juli i fjor. Om ein samanliknar med juli i 2019, har det vore ein nedgang
i talet på flyrørsler på 8 prosent.
Hittil i år samanlikna med 2019
Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019,
ser ein at vi no ligg 11 prosent bak normalåret 2019. Talet på flyrørsler så
langt i år er 7 prosent bak 2019.
Framleis auke i flyging med dronar
I juli vart 1 103 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone, Avinor sitt
system for handtering av dronar. Dette er ein auke på heile 164 prosent
samanlikna med juli 2022.
– Juli er ein månad kor mange har ferie, men vi ser framleis ein sterk vekst i
bruk av dronar, seier Axel Knutsen, leiar av droneprogrammet til Avinor.
Så langt i år er auken 120 prosent sett mot fjoråret.
– Med det passerer vi allereie i juli 2023 det totale antallet flygingar i 2022.
– Det er dessverre framleis mange som ikkje kan reglane for droneflyging. Dette
gjer at ein del flygingar er ulovlege, og kan vere til stor fare for andre i
luftrommet. Vi oppfordrar alle til å sette seg inn i regelverket før dei flyr.
Vi viser til www.avinor.no/droner kor reglane kjem tydeleg fram, seier Knutsen.
Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk
More information:
Access the news on Oslo Bors NewsWeb site
Kilde
Avinor AS
Leverandør
Oslo Børs Newspoint
Company Name
Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN
ISIN
NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246
Marked
Euronext Oslo Børs