12 Jul 2023 12:00 CEST

Utsteder

Avinor AS

4,7 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i juni. Dette er 2
prosent fleire enn i juni i fjor, men 8 prosent færre enn juni i 2019, som var
det siste normalåret før pandemien. Det har vore om lag 70 tusen flyrørsler i
mai, 4 prosent over juni i fjor.

-Sjølv om passasjertala framleis er lågare enn før pandemien, har juni vore
månaden med flest reisande i år , seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute
Skallerud Riise. -Det samla talet på reisande aukar i juni samanlikna med juni i
fjor, med flere reisende både innanlands og utanlands. Utanlands er den
viktigaste drivaren for den positive utviklinga, og eit teikn på nordmenn si
reiselyst inn i sommarferien, men og attraktivt Noreg er som reisemål. -Juni er
den travlaste månaden, med flest reisande på Avinor-flyplassane. Det er fortsatt
høgt trykk på innland, og samstundes startar nordmenn sin ferie. I denne
krevjande perioden har Avinor opplevd god drift med høg regularitet og
punktlegheit, noko som synar oss at alle involverte aktørar har vore godt
førebudd for sommaren, seier Riise.

Flyrørsler
Det var 68 218 kommersielle flyrørsler i juni 2023. Dette er 4 prosent fleire
enn i juni i fjor. Om ein samanliknar med juni i 2019, har det vore ein auke i
talet på flyrørsler på 1 prosent.

Passasjertal
2 715 790 passasjerar reiste innanlands i juni. Dette er 1 prosent fleire enn i
juni 2022.
Trafikken utanlands, med 1 992 279 passasjerar, har auka med 5 prosent
samanlikna med i fjor, men er framleis 13 prosent lågare enn i juni 2019.

Hittil i år samanlikna med 2019
Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019,
ser ein at vi no ligg -12 prosent bak normalåret 2019. Flyrørsler hittil i år er
7 prosent bak 2019.

Dronerekord, men også mykje ulovleg droneflyging
I juni vart 1889 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone - Avinor sitt
system for handtering av dronar. Dette er ein auke på heile 150 prosent
samanlikna med juni 2022, og det høgste talet sidan starten av programmet i
2020, seier Axel Knutsen, leiar av droneprogrammet til Avinor. -Så langt i år er
auken 114 prosent sett mot fjoråret.
-Det er dessverre framleis mange som ikkje kan reglane for droneflygning. Dette
gjer at ein del flygingar er ulovlege, og kan vere til stor fare for andre i
luftrommet. Vi oppfordrar alle til å sette seg inn i regelverket før dei flyr.
Vi viser til www.avinor.no/droner kor reglane kjem tydeleg fram, seier Knutsen.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs