13 Jun 2023 12:00 CEST

Utsteder

Avinor AS

4,3 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i mai. Dette er 2 prosent
fleire enn i mai i fjor, men 8 prosent færre enn mai i 2019, som var det siste
normalåret før pandemien. Det har vore 64.480 flyrørsler i mai, 4 prosent færre
enn i mai i fjor.

-Sjølv om passasjertala framleis er lågare enn før pandemien, er vi optimistiske
for utviklinga inn mot sommarferien her i Noreg, seier trafikkdirektør i Avinor,
Gaute Skallerud Riise. - Juni er månaden med flest forventa passasjerar gjennom
året, og det er venta ein nedgang på berre 6 % mot 2019. Resten av året er det
forventa noko svakare trafikktal.

-Det samla talet på reisande aukar i mai samanlikna med mai i fjor, men det var
nedgang i talet på reisande innanlands. Dette er trenden dei siste månadene.
Trafikken utanlands bidrar godt til den positive utviklinga med høg aktivitet
og gode tilbakemeldingar frå aktørane i marknaden, seier Skallerud Riise.

- Utsiktene over sommaren er svært usikre. Med ein krevjande økonomisk situasjon
prega av inflasjon og rentehevingar, følgjer vi utviklinga tett og er spente på
korleis hausten og vinteren vil arte seg for flytrafikken, avsluttar Skallerud
Riise.

Flyrørsler
Det var 64 480 kommersielle flyrørsler i mai 2023. Dette er 4 prosent færre enn
i mai i fjor. Om ein samanliknar med mai i 2019, har det vore ein nedgang i
talet på flyrørsler på 7 prosent.

Passasjertal
2,5 millionar passasjerar reiste innanlands i mai. Dette er 6 prosent færre enn
i mai 2022. Dette er andre månaden på rad at trafikken innanlands er lågare enn
i fjor. Trafikken utanlands har auka med 18 prosent samanlikna med i fjor, men
er framleis 9 prosent lågare enn i mai 2019.

Hittil i år samanlikna med 2019
Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019,
ser ein at vi no ligg 13 prosent bak normalåret 2019. Flyrørsler hittil i år er
9 prosent bak 2019.

Flyging med drone
-Flyging med drone i Noreg aukar, seier Axel Knutsen, leiar for Avinor sitt
droneprogram. - I mai vart 1317 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone -
Avinor sitt system for handtering av dronar. Dette er ein auke på heile 94
prosent samanlikna med mai 2022. Så langt i år er auken 102 prosent samanlikna
med i fjor.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs