16 May 2023 09:45 CEST

Utsteder

Tysnes Sparebank

Resultat før tap og skatt på 9,3 MNOK
Første kvartal 2023 hadde Tysnes Sparebank eit resultat før tap på 9,3 MNOK,
dette er 2,2 MNOK betre enn same tid i 2022. Det er god vekst i banken. Dei
siste 12 månadene har banken vokse med om lag 8 % i nye utlån. Det er vekst i
både i person- og bedriftskundemarkedet.

Auka tapsavsetjingar
Banken auka tapsavsetjingane til om lag 3 MNOK for å ta høgde for dei utfordrane
tidene norsk økonomi er inne i.

«Vi ser ein auke i misleghaldne lån, særleg mange verksemder slit med
likviditeten. Det er ei utfordring for oss i tida som kjem, det er viktig for
oss å vera tett på kundane og finna løysingar saman på eventuelle vanskar som
oppstår» uttaler banksjef Dag Sandstå.

Banken planlegg nytt salssenter for forsikring i Bergen
Banken har vedteke å etablera eit forsikringssenter i Bergen for å auka
salskapasiteten på banken sine forsirkringsprodukt. Dette er ei nysatsing for
banken. I første omgang skal det tilsetjast 3 medarbeidarar i dette teamet.

«Vi gjer dette for å styrke banken samla sett og ikkje minst auke
salskapasiteten med produkt som ikkje er kapitalkrevjande. Vi har stor tru på
denne satsinga, og ser for oss ein god vekst i banken innan
forsikrings-produkt».

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag
Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.


Tysnes, 15. mai 2023

Dag Sandstå
Banksjef


590857_Kvartalsrapport 1 kvartal 2023 Tysnes Sparebank.pdf

Kilde

Tysnes Sparebank

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

TYSNES SPAREBANK, Tysnes Spb 18/PERP FRN C HYBRID, Tysnes Spb 19/25 FRN, Tysnes Spb 20/24 FRN, Tysnes Spb 21/26 FRN, Tysnes Spb 21/25 FRN, Tysnes Spb 21/24 FRN, Tysnes Spb 22/26 FRN, Tysnes Spb 22/32 ADJ C SUB, Tysnes Spb 23/27 FRN

ISIN

NO0010731615, NO0010839947, NO0010871437, NO0010875222, NO0010891633, NO0010917305, NO0010917321, NO0011035545, NO0012639592, NO0012706730, NO0012819954

Ticker

TYSB

Marked

Euronext Growth Nordic Alternative Bond Market