14 Apr 2023 11:38 CEST

Utsteder

Avinor AS

3 972 514 passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i mars. Dette var ein auke på
21 prosent samanlikna med mars 2022. Trafikken er likevel 12 prosent lågare enn
i same månad i 2019, som var det siste normalåret før pandemien. Talet på
flyrørsler er derimot berre 7% lågare enn før pandemien.

-Flytrafikken aukar framleis samanlikna med i fjor. For dei tre første månadene
samla er flytrafikken nå 15 prosent bak 2019-nivå. Det er venta at flytrafikken
vil ligge under 2019-nivå resten av året. Men i månadene juni-august, ventar me
at trafikken berre vil ligge omlag 5-7 prosent under nivået før pandemien, seier
trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise

-Fritidsreisande inn til Noreg er venta å være den viktigaste drivaren for
utviklinga framover. Dette gjaldt også før pandemien, og er ein trend som vil
halde fram. Dette er gledeleg for reiselivet, og vil i tida som kjem bli eit
stadig viktigare eksportområde for Noreg. Akkurat nå er den svake krona også ein
viktig drivar her, held Riise fram.

-Dei samla passasjertala for året vil truleg ende om lag 8-10 prosent lågare enn
i 2019. Det er knytt usikkerheit til dette mellom anna som følgje av
internasjonal uro og usikker effekt av redusert kjøpekraft blant forbrukarar i
Noreg og ute i verda, avsluttar Riise.

Flyrørsler
Det var 53 376 kommersielle flyrørsler i mars 2023. Dette er ein auke på 8
prosent frå mars 2022. Om ein samanliknar med mars i 2019, har det vore ein
nedgang i talet på flyrørsler på 7 prosent.

Trafikken utanlands
1 412 695 passasjerar har reist mellom Avinor sine lufthamner og utlandet i
mars. Same månad i fjor reiste i underkant av 1 million passasjerar til
utlandet. Det betyr at trafikken utanlands har auka med 43 prosent samanlikna
med i fjor, da luftfarten framleis var råka av pandemi og reiserestriksjonar.
Om ein samanliknar med 2019, er det 17 prosent nedgang i utanlandstrafikken i
mars månad.

Trafikken innanlands
2 513 418 reiste innanlands i mars. Det er 12 prosent fleire enn i mars i fjor.
Samanlikna med mars 2019 har det vore ein nedgang på 10 prosent.

Hittil i år
Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019,
ser ein at vi no ligg 15 prosent bak normalåret 2019.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs