10 Mar 2023 11:55 CET

Utsteder

Avinor AS

3 269 370 passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i februar. Dette var ein
auke på 45 prosent samanlikna med februar 2022. Sjølv om det var ein auke i
passasjertala samanlikna med februar 2022, er tala 16 prosent lågare enn i same
måned i 2019.*

– Flytrafikken i februar er i tråd med prognosane våre frå i haust. Sjølv om det
er veldig mange fleire som reiser enn i fjor, ligg februartala framleis 16
prosent etter 2019. Det er venta at flytrafikken vil liggje under 2019-nivå også
resten av året, og at for året som helhet er vi på ca 91 prosent av 2019-nivå,
seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

- Det er skilnader frå lufthamn til lufthamn. Oslo hadde meir enn 1,6 millionar
passasjerar i februar, dette er 19 prosent under tala i februar 2019. Om ein ser
på Bergen lufthamn ligg tala berre 4 prosent bak 2019. Den hovudsaklege årsaka
til dette er Widerøe si satsing i Bergen, og slusing av passasjerar over Bergen
som knutepunkt. Også Stavanger og Trondheim er nærare 2019-nivå enn Oslo
lufthamn. Men Oslo lufthamn har størst volum, altså flest passasjerar, og har
difor størst påverknad på dei totale tala for Avinor, forklarar Riise.

Skallerud Riise har tru på sommartrafikken:
-Det er særskild utanlandstrafikken som trekk ned volumet, mens innalandstala
har henta seg betre inn etter pandemien. Sjølv om det er lenge til sommaren, er
det mykje som tydar på at vi vil sjå at denne skilnaden kjem til å halde fram.
Vi ventar at innanlandstrafikken vil vere bortimot på 2019-nivå i
sommermånadene, før han fell noko tilbake utover hausten. Vi ventar og at
utanlandstrafikken gradvis hentar seg vidare inn framover, sjølv om han er venta
å liggje eit stykke under sommertrafikken i normalåret 2019, avsluttar Riise.

Flyrørsler
Det var 49 893 kommersielle flyrørsler i februar 2023. Dette er ein auke på 15
prosent frå februar 2022. Om ein samanliknar med februar i 2019, har det vore
ein nedgang i talet på flyrørsler på 13 prosent.

Trafikken utanlands
1 191 693 passasjerar har reist mellom Avinor sine lufthamner og utlandet i
februar. Same månad i fjor reiste vel 700 000 passasjerar til utlandet. Det
betyr at trafikken utanlands har auka med 70 prosent samanlikna med i fjor, da
luftfarten framleis var råka av pandemi og reiserestriksjonar. Om ein
samanliknar med 2019, er det 20 prosent nedgang i utanlandstrafikken i februar.

Trafikken innanlands
2 038 645 reiste innanlands i februar i år. Det er 35 prosent fleire enn i
februar i fjor.
Samanlikna med februar 2019 har det vore ein nedgang på 14 prosent.

*Kvifor samanlikne med 2019?
2020 og 2021 vart hardt råka av reiseforbod, restriksjonar og sjukdom. 2019 var
det siste året utan pandemi og krig i Ukraina, og var eit «normalår» kva gjeld
reising.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs