16 Feb 2023 09:13 CET

Utsteder

Tysnes Sparebank

Året 2022 vart eit nytt rekordår for Tysnes Sparebank
Året 2022 var prega av uro i Europa, stigande prisar og renter, som igjen var
med å skape utfordringar for privatpersonar og verksemder. Likevel klarte Tysnes
Sparebank å oppnå eit resultat før skatt på 39,7 mill. kr.

Det er inntekter frå utlånsaktiviteten som aukar mest i 2022. Det er stor pågang
av nye kundar til banken, dette er hovedgrunnen for framgangen på inntektssida.


Vekst i utlån på 4,8 %
Banken har i løpet av 2022 hatt ein vekst i utlån på 4,8 %.

«Vi er svært godt nøgde med resultatet for 2022. Det har vore eit år prega av
uro både nasjonalt og internasjonalt. I urolege tider er lokalbanken noko
kundane set pris på» uttalar banksjef Dag Sandstå.


Lågare kostnader i 2022
Samla kostnader i banken er redusert med om lag 1 mill. kr. i høve til året før.
Det er driftskostnadene som er er lågare enn året før. Når banken tar i bruk ny
dataleverandør i 2023 er det venta at kostnadene til datadrift kan verta endå
lågare.


God avkastning på eigenkapitalbeviset i banken
Det gode resultatet gjev ei avkastning per eigenkapitalbevis på kr. 8,67. Det er
forstanderskapet i banken som i mars månad skal godkjenna årsrekneskapet og
fastsetja utbytte til eigarane.


Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag
Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.



Tysnes, 15. februar 2023

Dag Sandstå
Banksjef


582643_Kvartalsrapport 4 kvartal 2022 Tysnes Sparebank.pdf

Kilde

Tysnes Sparebank

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

TYSNES SPAREBANK, Tysnes Spb 18/23 FRN, Tysnes Spb 18/PERP FRN C HYBRID, Tysnes Spb 19/25 FRN, Tysnes Spb 20/24 FRN, Tysnes Spb 21/26 FRN, Tysnes Spb 21/25 FRN, Tysnes Spb 21/24 FRN, Tysnes Spb 22/26 FRN, Tysnes Spb 22/32 ADJ C SUB, Tysnes Spb 23/27 FRN

ISIN

NO0010731615, NO0010834047, NO0010839947, NO0010871437, NO0010875222, NO0010891633, NO0010917305, NO0010917321, NO0011035545, NO0012639592, NO0012706730, NO0012819954

Ticker

TYSB

Marked

Euronext Growth Nordic Alternative Bond Market