14 Feb 2023 15:19 CET

Utsteder

Sogn Sparebank

SAMANDRAG
Sogn Sparebank har i fjerde kvartal hatt ei god økonomisk utvikling, mykje på
grunn av endringane i rentemarknaden. Banken legg fram eit driftsresultat før
tap og skatt på 90,7 MNOK pr. 31.12.2022. Driftsresultatet er 21,6 MNOK betre
enn fjerde kvartal i 2021.

På bakgrunn av den positive utviklinga gjer styret i banken framlegg om å dele
ut 5,9 MNOK i gåvemidlar som går tilbake til allmennyttige prosjekt og tiltak i
lokalsamfunna i Sogn.
Styret gjer også framlegg om utbytte per EK-bevis på 10,00 NOK.

Banken har pr. 31.12.2022 kostnadsført nedskrivingar på utlån og garantiar med
6,5mill. kroner. Resultat av ordinær drift etter skatt gir 67,3 MNOK, som gjev
ein eigenkapitalavkastning pr. 31.12.2022 på 6,6 %. Banken rapporterer eit
totalresultatet pr. 31.12.2022 på 104,4 MNOK.


UTSIKTER FRAMOVER
Banken skal halde fram med å vere ein nær og synleg medspelar for kundane og
lokalsamfunna i Sogn. Dette lukkast me med ved å stimulere til aktivitetar og
verdiskaping, og vere ein god partnar for privatkundar og verksemder.

Gjennom Sogn Sparebank sitt gåvefond set me fokus på barn og unge, folkehelse og
bærekraft og gjev gåver til allmennyttige føremål. Samarbeid er nøkkelen til
suksess, og me har alltid ei open dør for lag og organisasjonar, eldsjeler og
gode innspel til korleis banken kan bidra til at Sogn vert ein endå betre plass
å bu og vekse opp i.

God styring av risiko vil vere eit prioritert område. Sogn Sparebank er godt
kapitalisert og har ein god likviditet ved Q4-2022. På grunnlag av mål¬biletet
for Sogn Sparebank, har styret lagt banken sin strategi. Banken vil halde fram
med å styrka drifta, samstundes som me vil jobbe med å auke inntektene.

Sogn er eit område med mykje reiselivsbasert næring, og for oss som lokalbank er
det gledeleg å sjå at turismen og reiselivet har kome godt i gang att etter
pandemien. Næringslivet ser lysare på situasjonen enn tidlegare, og fjerde
kvartal i fjor var nesten tilbake på same nivå som før pandemien. På den andre
sida held krigen i Ukraina fram, og er ein av fleire faktorar som har skapt
utfordringar i økonomien. Mange menneske er på flukt i Europa og fleire av dei
er komne til vårt område. Me må alle vera med å bidra i denne krevjande
situasjon.

Rentemarknaden er i endring, styringsrenta har i gjennom året vorte heva med
2,25 %, og Norges Bank har varsla fleire rentehevingar i 2023. I tillegg har
konsumprisindeksen stege med 5,9% i 2022 jf. SSB. Aukande utlånsrente og sterk
prisvekst vil virka inn på kundane sin kjøpekraft. Det er utfordrande å sjå kva
konsekvensar dette vil ha på litt sikt. Som lokalbank er me tett på kundane og
er oppteken av å hjelpe dei som er ekstra utsett økonomisk.
Ved å tilby individuell rådgiving innan kreditt, sparing og plassering samt
forsikring har banken som mål å finne gode og varige løysingar for kundane.

Q4-2021 FORELØPIG ÅRSRESULTAT 2022 (2021 i parentes)
• Resultat før tap: 90,7 MNOK (69,2 MNOK)
• Resultat av ordinær drift etter skatt: 67,3 MNOK (52,3 MNOK)
• Totalresultat etter skatt: 104,4 MNOK (59,0 MNOK)
• Eigenkapitalavkastning: 6,6 % (6,4 %)
• Rentenetto: 134,5 MNOK/1,80 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK)
(112,1 MNOK/1,49 % GFK)
• Kostnadsprosent i forhold til inntekter inkl. verdipapir: 51,19 % (60,0 %)
• Rein kjernekapitaldekning morbank: 23,66 % (22,8 %)
• Rein kjernekapitaldekning konsolidert: 23,42 % (21,96 %)
• Forteneste pr. eigenkapitalbevis morbank: 14,58 NOK (11,14 NOK)
• Utlånsvekst siste 12 mnd: 2,6 %
• Innskotsvekst siste 12 mnd: 2,3 %
• Utdeling av gåver frå Gåvefondet kroner: 5,9 MNOK (4,4 MNOK)
• Utbytte pr. EK-bevis for 2022: 10,00 (5,50 NOK)

Me gjer merksam på at utbytte og gåver må godkjennast av Generalforsamling 2023.


HOVUDRAPPORT
Sjå vedlegg for komplett delårsrapport og rekneskap Q4-2022.

KONTAKTPERSONAR
Adm. banksjef Mads Arnfinn Indrehus, tlf. 90950615
Ass. banksjef Gunnar Skahjem, tlf. 91374994


582376_Delårsrapport Q4 2022.pdf

Kilde

Sogn Sparebank

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

SOGN SPAREBANK, Indre Sogn Spb 18/PERP FRN C HYBRID, Sogn Spb 20/23 FRN, Sogn Spb 21/24 FRN

ISIN

NO0006000603, NO0010824931, NO0010873912, NO0010947377

Ticker

SOGN

Marked

Euronext Oslo Børs Nordic Alternative Bond Market