10 Feb 2023 10:00 CET

Banken kan vise til sterk kundevekst og eit solid resultat i 2022. No går
SpareBank 1 Søre Sunnmøre spennande tider i møte.

Dei foreløpige rekneskapstala for 2022 viser at banken hadde eit resultat etter
skatt på 134,7 millionar kroner – mot 130,8 millionar kroner i 2021.
Resultatframgangen kjem frå betre resultat frå kjernebankinntekter.

Banken er solid med rein kjernekapitaldekning på 18,8 prosent og låge tap.


Tar marknadsandelar
SpareBank 1 Søre Sunnmøre held fram med å ta marknadsandelar i privatmarknaden,
og har ein tolvmånadarsvekst i brutto utlån på 7,1 prosent og 11,5 prosent i
innskot. Vekst i netto rente- og provisjonsinntekter var på 13 prosent gjennom
året. 85 prosent av utlåna er til private hushaldningar.

– Vi har lagt bak oss eit spennande år. Det har vore mykje uro i marknaden, og i
tillegg har banken vore i fusjonsprosess sidan juni. Derfor er det ekstra
gledeleg å legge fram så gode resultat for 2022, banken sitt siste heile
driftsår som sjølvstendig, seier administrerande direktør Stig Brautaset.


Kundevekst etter fusjonsvedtak
9. november vedtok generalforsamlinga i SpareBank 1 Søre Sunnmøre og
representantskapet i SpareBank 1 SMN å slå saman dei to bankane. Frå 2. mai i år
skal dei etter planen vere ein bank, gitt naudsynte myndigheitsgodkjenningar.
Vedtaket har ikkje lagt ein dempar på kundeveksten – snarare tvert imot, seier
Brautaset.

– Dei tilsette har heile vegen jobba for å gi kundane gode kundeopplevingar og
dette syner att i resultata. Spesielt kjekt er det å sjå at november, månaden
fusjonen blei vedtatt, var ein skikkeleg vekstmånad for oss i fjor, berre slått
av juli.

Etter samanslåinga skal det som no er SpareBank 1 Søre Sunnmøre inngå i den
nyoppretta divisjon Sunnmøre og Fjordane i SpareBank 1 SMN. Marknadsområdet blir
heile Sunnmøre og i Fjordane, og allereie i mars opnar dei kontor i Stryn.


Styret foreslår overføring til gåvefondet på 55,5 millionar kroner
Fjerde kvartal er prega av god lønsemd med ei avkasting på eigenkapitalen på 11
prosent, 9 prosent for 2022 i si heilheit.

Styret foreslår eit utbytte på 6,07 kroner per eigenkapitalbevis som er 50,7
prosent av resultatet. 55,5 millionar kroner er foreslått overført til
gåvefondet. Desse vil delast ut som gåver til lokalsamfunnet og til den nye
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre som blir oppretta i samband med fusjonen.

I løpet av 2022 gav banken om lag 15,2 millionar kroner i gåve til store og små
allmennyttige formål i lokalsamfunnet på Søre Sunnmøre. Dette skal banken halde
fram med også etter dei har slått seg saman med SpareBank 1 SMN.

– Vi har eit bankande hjarte for lokalsamfunnet. Det å gi delar av overskotet
vårt til dei som bur her, er ein sentral del av samfunnsoppdraget til
sparebankane. Vi skal halde fram med å gi gåver og sponse lag og organisasjonar
i regionen vår, seier Brautaset.


Framtidsutsiktene er gode
Samla sett er det positive utsikter i marknadsområdet til banken. Arbeidsløysa
er låg og under landssnittet.

– Dei fleste næringane i vårt område driv godt, sjølv om enkelte bedrifter har
utfordringar med kostnadsauke og sviktande omsetnad. Næringslivet på Sunnmøre er
vant med å omstille seg og tilpasse seg nye rammevilkår, seier Brautaset.

Ambisjonen framover er å bli den leiande banken på Sunnmøre og i Fjordane, noko
Brautaset meiner dei er godt rusta for.

– Vi har levert eit godt resultat med solid underliggande bankdrift og går inn i
SpareBank 1 SMN med sterk vekst og god lønsemd. I den nye banken får vi betre
føresetnader for å gi kundane våra enda betre løysingar og vilkår.





Nøkkeltal 2022 (tal frå 2021 i parentes)
Resultat før skatt: 166,8 (151,2 mill. kr)

Resultat etter skatt: 134,7 (130,8 mill. kr)

Avkastning på eigenkapital: 9,0 (9,4 prosent)

Kostnadsprosent: 46,4 (45,8 prosent)

Tap i prosent av brutto utlån inkl. kredittføretak: 0,02 (0,07 prosent)

Samla prosentvis utlånsvekst siste 12 månadar: 6,9 (6,3 prosent)

Innskotsvekst i prosent siste 12 månadar: 8,7 (16,4 prosent)

Rein kjernekapital forholdsmessig konsolidert: 18,8 (18,8 prosent)





Kontaktpersonar:

Administrerande direktør Stig Brautaset, tlf. 908 26 448

Banksjef Økonomi og finans Olaf Eskeland, tlf. 452 25 489


582013_Kvartalsrapport Q4 - 2022.pdf

Kilde

SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Spb 1 Søre Sunnmøre 19/24 FRN, Spb 1 Søre Sunnmøre 19/24 2,60%, Spb 1 Søre Sunnmøre 19/29 FRN C SUB, Spb 1 Søre Sunnmøre 20/25 FRN, Spb 1 Søre Sunnmøre 20/PERP FRN C HYBRID, Spb 1 Søre Sunnmøre 20/23 FRN, Spb 1 Sore Sunnmore 21/26 FRN

ISIN

NO0010841083, NO0010843303, NO0010866056, NO0010866023, NO0010886195, NO0010886393, NO0010894926, NO0010927262, NO0011108284

Marked

Nordic Alternative Bond Market