10 Feb 2023 11:55 CET

Utsteder

Avinor AS

3 198 152 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i januar. Dette var
ein auke på 70 prosent samanlikna med januar 2022. Sjølv om det var ein auke i
passasjertala samanlikna med januar 2022, er tala 16 prosent lågare enn i januar
i 2019.*

– Flytrafikken i januar har vore i tråd med prognosane våre frå i haust. Nivået
på flytrafikken frå desember held fram inn i januar. Det er venta at også resten
av året vil ligge under 2019-nivå, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute
Skallerud Riise.

– Første kvartal i 2022 var prega av Omikron, som forklare kvifor trafikken i
januar i år er mykje større enn han var i januar i fjor. Sjølv om utviklinga har
vore stabil den siste tida, ber luftfarten framleis preg av krevjande
verdsøkonomi og geopolitikk. Det er særskilt talet på utanlandsreisande som er
med på å dra det totale trafikktalet for januar ned. Sjølv om
utanlands-trafikken generelt er lågare, er det nokre marknader som utmerker seg
positivt. I Tromsø er talet på utanlandspassasjerar tilbake på nivået frå 2019.
Dette er grunna høg interesse for nordlys og arktiske opplevingar ute i verda,
avsluttar Riise

Flyrørsler
Det var 53 143 kommersielle flyrørsler i januar 2023. Dette er ein auke på 18
prosent frå januar 2022. Om ein samanliknar med januar 2019, har det vore ein
nedgang i talet på flyrørsler på 12 prosent.

Trafikken utanlands
1 138 624 passasjerar har reist mellom Avinor sine lufthamner og utlandet i
januar. Same månad i fjor reiste 568 687 passasjerar til utlandet. Det betyr at
trafikken utanlands er dobla samanlikna med i fjor, da luftfarten framleis var
råka av pandemi og reiserestriksjonar.
Om ein samanliknar med 2019, er nedgangen i utanlandstrafikken på 20 prosent.

Trafikken innanlands
2 017 790 reiste innanlands i januar i år. Det er 59 prosent fleire enn i januar
i fjor.
Samanlikna med januar 2019 har det vore ein nedgang på 14 prosent.

*Kvifor samanlikne med 2019?
2020 og 2021 vart hardt råka av reiseforbod, restriksjonar og sjukdom. 2019 var
det siste året utan pandemi og krig i Ukraina, og var eit «normalår» kva gjeld
reising.

--------------------------------------------------------------------------------
--------------------------------
Definisjonar i talgrunnlaget
Tur-retur reise
Dei fleste flyreiser er tur-retur reiser, uavhengig av om ein reiser med
direktefly eller om ein byter fly ein eller fleire gonger. Ved teljing av
tur-retur-reiser tar ein ikkje omsyn til eventuelle flybyte eller kor mange
lufthamner ein har vore innom på reisa.

Terminalpassasjerar
Denne måten å telje på er lik ved alle lufthamner. Terminalpassasjerar er talet
på passasjerar til og frå ein lufthamn. Alle passasjerar tel med, uavhengig av
om dei går på flyet (frå landsida) på lufthamna eller om dei kjem med fly frå
ein anna lufthamn. Om ein passasjer kjem med fly og reiser vidare med fly,
teljast han to gonger ved denne lufthamna. Passasjerar som kjem med fly til
lufthamna, men ikkje går inn på lufthamna, altså sit i flyet og er i transit,
reknast ikkje som terminalpassasjerar.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs