12 Jan 2023 12:37 CET

Utsteder

Avinor AS

Vel 3 387 000 passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i den siste månaden av
fjoråret, i ein marknad prega av ein krevjande verdsøkonomi og geopolitikk samt
etterdønningar av pandemien. Dette var ein auke på 38 prosent samanlikna med
desember 2021. Sjølv om det var ein auke i passasjertala frå 2021, var tala 11
prosent lågare enn i desember 2019, som var det siste ordinære året før
pandemien braut laus.

Frå pandemi til krig og økonomisk uro
Ser vi på tala for heile 2022, samanlikna med heile 2021, er talet på
passasjerar dobla. Men om ein samanliknar med heile året 2019, ligg talet på
passasjerar framleis 17 prosent under.

- 2022 var året vi gjekk inn i, der vi skulle legge pandemien bak oss og nærme
oss normale tider igjen. I staden fekk vi omikron, som medførte
reiserestriksjonar i store delar av første kvartal. Russland sin krig mot
Ukraina starta i februar. Og økonomien var prega av generell pris- og renteauke
og urolege tider gjennom store delar av året, seier trafikkdirektør i Avinor,
Gaute Skallerud Riise.

Flyrørsler
Det var 47 196 kommersielle flyrørsler i desember 2022, 2 prosent færre enn i
desember 2021. I heile 2022 har det vore 618 600 kommersielle flyrørsler, mot
462 400 i heile 2021, ein auke på 34 prosent. Om ein samanliknar med 2019, har
det vore ein nedgang på 9 prosent.

Utanlandstrafikken: Sterk vekst, men lengre bak 2019-nivået
I desember 2022 var det 1 253 000 passasjerar som reiste mellom Avinor sine
lufthamner og utlandet. I desember i 2021 reiste 710 000 passasjerar til og frå
utlandet. Sjølv om dette er ein auke på 77 prosent, er talet på reisande likevel
19 prosent lågare enn i desember i 2019.

Innanlands: Trafikken nærmar seg 2019-nivået
2 094 000 reiste innanlands i desember i år. Det er 23 prosent fleire enn i
2021, og 6 prosent færre enn i same månad i 2019.

Oslo lufthamn flest passasjerar i Skandinavia i 2022
I 2022 var Oslo lufthamn den største lufthamna i Skandinavia, om ein måler talet
på reisande.

Konserndirektør store lufthamner i Avinor, Stine Ramstad Westby, fortel kvifor:
- Årsaka er at Oslo lufthamn har vore raskare til å hente attende
passasjertrafikken enn dei andre flyplassane. Vi har søkelys på kva Oslo
lufthamn betyr for Oslo-regionen og for Noreg. Luftfarten er viktig både for
næringsliv og privatpersonar, og difor er vi nøgde med denne utviklinga.

Westby seier vidare: - Oslo lufthamn var den mest punktlege flyplassen av dei
største i Europa i 2022. Avinor arbeider tett saman med våre partnarar, mellom
andre fly- og bakkeselskapa. Alle medarbeidarane på Oslo lufthamn, som arbeider
døgnet rundt for å få flya av garde, har bidratt til dei gode resultata.

-Det har vore ei spanande utvikling i Oslo dei siste åra, som har blitt lagt
merke til i inn- og utland.
Talet på besøkande har tatt seg opp etter pandemien. Ein viktig faktor for denne
gode trenden er ein velfungerande hovudflyplass med god tilgjengelegheit. Vi
opplever at den innsatsen Avinor har lagt ned for å gjere Oslo lufthamn til den
største i Skandinavia har vore særs viktig, og heilt avgjerande for heile
besøksnæringa, seier administrerande direktør i VisitOslo, Christian Lunde.

Kvifor samanlikne med 2019?
2020 og 2021 vart hardt råka av reiseforbod, restriksjonar og sjukdom. 2019 var
det siste året utan pandemi og krig i Ukraina, og var eit «normalår» kva gjeld
reising.
Tabellen nedanfor syner at skilnaden er stor frå flyplass til flyplass. Oslo
lufthamn har flest passasjerar, og påverkar naturleg nok dei samla tala.

Lenke til statistikk:
https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk


Kilde

Avinor AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Avinor AS 13/28 4,45%, Avinor AS 20/31 2,38%, Avinor AS 20/26 FRN

ISIN

NO0010675903, NO0010881238, NO0010881246

Marked

Euronext Oslo Børs